Lokal | 20. okt. 2012
Samla inn rekordsum
Strønemarsjen 2012 samla i går inn ein rekordstor sum til TV-aksjonen.
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 20. okt. 2012 09:19
Av: Martin Storvik Nilsen og Andreas Strønen Berglund, elevar i 7. klasse
Fredag gjekk den årlege tilstelninga Strønemarsjen av stabelen. Heile 11.061 kroner blei samla inn, noko som er ny rekord.
Inntektene kjem frå startkontingent og kafèsal og går direkte til TV-aksjonen, "Stå opp mot urett", som organisasjonen Amnesty International står bak.
Alle på skulen og barnehagen, saman med foreldre, søsken, besteforeldre, tantar og onklar – ja, mest heile Strøno gjekk Strønemarsjen i år.
Vinnarane av årets trekning blei 7. klassingane Odin og Arild, som fekk pokal som premie.