Sport | 18. des. 2017

Samla karatefamilien i Oshallen

Nær 70 utøvarar frå fire til over sytti år var i helga samla til trening og gradering i Oshallen.

Samla karatefamilien i Oshallen
Full konsentrasjon i Oshallen når det skal trenast inn nye kombinasjonar (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 18. des. 2017 09:17

Bildeserie:

Hovudinstruktør Cato Bruarøy fortel om eit høgt nivå på utøvarane (foto: AH)
Hovudinstruktør Cato Bruarøy fortel om eit høgt nivå på utøvarane (foto: AH)
Aldersspennet er stort frå nybyrjarar (foto: AH)
Aldersspennet er stort frå nybyrjarar (foto: AH)
til dei litt meir drevne (foto: AH)
til dei litt meir drevne (foto: AH)
Til dei eldste og vidarekommande (foto: AH)
Til dei eldste og vidarekommande (foto: AH)
1 av 4
Hovudinstruktør Cato Bruarøy fortel om eit høgt nivå på utøvarane (foto: AH)
Aldersspennet er stort frå nybyrjarar (foto: AH)
til dei litt meir drevne (foto: AH)
Til dei eldste og vidarekommande (foto: AH)

Kvar desember samlast karateutøverar i WIKF Noreg til treningssamling og gradering i Oshallen.

– Dette er den årlege samlinga vi har i desember. Her har det vore mellom seksti og sytti utøvarar i løpet av laurdag og søndag, fortel hovudinstruktør Cato Bruarøy.

Frå heile fylket

Til samlinga har det vore utøvarar frå Os, Askøy, Voss og fleire av klubbane i Bergen.

– Aldersspennet er ganske stort. Den yngste er vel fire og den eldste har passert sytti.

– Karate har blitt ein familie aktivitet kor vaksne og born trenar side om side. Jan Eirik på sekstitre trener til dømes saman med barnebarna, så at vi har blitt ein familieklubb er det liten tvil om.

Høgt nivå

Laurdag var det gradering for dei vaksen og utøvarane som var kome lengst. Søndag var det dei yngste og nybyrjerane som fekk nye striper på beltene sine.

– Det er eit veldig bra nivå på utøvarane våre. I helga har det vore mange med NM- og internasjonale medaljar som har vore med, både for å trena, men også som instruktørar for dei yngre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.