Lokal | 09. apr. 2016

Samlar fiskarar frå heile Noreg

Os har landets største fritidsfiskarlag. I helga arrangerer dei landsmøte i heimbygda.

Samlar fiskarar frå heile Noreg
Magnus Lyssand (t.v.) og Norvald Skåtøy i Os Fritidsfiskarlag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 09. apr. 2016 08:26

Os Småfiskarlag har endra namn til Os Fritidsfiskarlag, ei endring som blei vedtatt på årsmøtet i vinter.

Laget er tilslutta Norges Fritids- og Småfiskerforbund, eit forbund med 2000 medlemmar fordelt på 20 lokallag frå Troms til Oslo.

– Vi ventar rundt 30 gjestar i helga, fortel Magnus Lyssand om landsmøtet, som blir arrangert på Bjørnefjorden Gjestetun i dag og søndag.

Utanom vanlege årsmøtesaker skal deltakarane blant anna til Er-An Veikro på lunsj og til Bergen for å besøkja … Akvariet.

For fritidsfiskarar i sjø

NFSF er høringsorgan ovanfor styresmaktene og jobbar for fritt sjøfiske, betra oppvekstvilkår for fisk og fornuftig jakt på sel, skarv og ærfugl.

– Blant aktuelle saker som forbundet jobbar med er auka kvote på torsk for fritidsfiskarar nord for 62. breiddegrad. Det er enorme mengder fisk og yrkesfiskarane får auka kvotene. Fisket er viktig tilleggsinntekt for mange i nord og vi har god dialog med direktoratet om å heva kvoten frå 2000 til 3000 kilo.

Aktivt lag sommar og vinter

Os har 235 medlemmar og er største lokallag i Noreg. Magnus Lyssand er leiar mens Norvald Skåtøy er nestleiar i regionen. Ein annan osing, Lars Kongsvik, er leiar i region vest.

I heimbygda er laget blant anna kjent for å arrangera fiskekonkurranse i Øyane under Kystsogedagane.

Fleire av medlemmane veit at det er langt fleire aktivitetar.

– Vi har samlingar to gongar i veka den mørke årstida, frå oktober til påske, fortel Norvald.

I Oselvarverkstaden sit medlemmane og utvekslar erfaring og meiningar samtidig som dei bøter garn og reparerer anna utstyr. Dei har òg vore på barneskule og lært elevane å bøta garn.

– Vi har plass til fleire medlemmar, ikkje minst dei som er yngre. I tillegg til medlemsfordeler er det mykje å læra, frå reglar til bruk og reparering av utstyr og filetering og annan behandling av fisk, fortel Magnus og Norvald før årets landsmøte.

Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.