– Vi er overvelda over oppslutnaden. Både næringsliv og privatpersonar tar veldig godt imot Osfest, seier styreleiar i Osfest AS, Tor Egil Hylland.
Sponsormarknaden har vore god og fleire har også betalt i god tid på førehand, så festivalen sit allereie med pengar på bok.
Med stands og ulike aktivitetar har arrangørane av den nye festivalen henta inn 10-20 nye frivillige dei dagane dei har vore ute. I tillegg har fleire kome av seg sjølv.
– Når vi har 500 på lista så er vi nøgd, då kan alle få seg ei grei vakt den eine dagen og gå på Osfest "i sivil" den andre dagen.
Informasjon og artistslepp
I morgon kveld er det samling for frivillige og folk som lurer på å melda seg, i "ope hus" i Oseana.
– Der kjem Margit Vangdal, som blant anna har fartstid frå Bygdalarm, til å fortelja litt om oganisering av vakter.
– Vi har mange ulike oppgåver, frå bar og vakthald til rydding og transport. Dei frivillige blir delt inn i til saman 11 ulike team.
Og så skal det i morgon sleppast nye artistar, til saman fire musikarar.
Frå før er Dumdum Boys, Eirik Søfteland og Gina Aspenes klare for Osfest 2014.
Vorspiel og nachspiel
Den nye festivalen i Os går av stabelen på grusbanen ved Os ungdomsskule fredag og laurdag 1. og 2. august.
– Som vorspiel lager vi arrangementet Lokale Heltar på Peppes under marknadsdagane siste helga i juni.
– Då blir det livemusikk med dyktige lokale band.
Nachspiel er det også planlagt, men det er under sjølve festivalen.
– Når konsertane er ferdige er det duka for meir fest ved utestadane i Os, og vi har inngått avtale med Solsiden, der det blir nachspiel og truleg litt jam nokre timar til.
I pose og sekk
Osfest kjem til å bestå av, i tillegg til Lokale Heltar i juni, konsertar på grusbanen fredag og laurdag og familiedag i Oseana på dagtid laurdag, første helga i august.
I tillegg skal det vera fem cruise med livemusikk på MS Midthordland, to fredag og tre laurdag.
– Fredag klokka 14 er for sponsorar, og det eine cruiset laurdag er for Os kommune. Dei tre andre kjem for sal, men det er allereie fleire bedrifter som har bestilt cruisebillettar og pass eller dagspass til sine tilsette, så når cruisa blir lagt ut går nok dei siste billettane kjapt.
Hylland seier programmet er lagt opp sånn at dei som er på siste cruise fint skal rekka festivalstarten på land.
– Bortsett frå vorspiel. Vi kjører livemusikk på Peppes nokre timar før festivalområdet opnar både fredag og laurdag.
Utanom sponsor-cruiset og kommune-cruiset er det også selt bra med festivalpass, godt over 100 fem månadar før festivalen startar.