Lokal | 12. des. 2017

Samrøystes ja

Reguleringsplanen for bølgjebrytarane samrøystes godkjent i PBU.

Samrøystes ja
Slik ser ein for seg den justerte plasseringa av bølgjebrytarane (fotoill: ABO Plan & Arkitektur)
Andris Hamretirsdag 12. des. 2017 13:22

Bildeserie:

Slik vil det visuelle uttrykket bli sett frå gjestebrygga (fotoill: ABO Plan & Arkitektur)
Slik vil det visuelle uttrykket bli sett frå gjestebrygga (fotoill: ABO Plan & Arkitektur)
1 av 1
Slik vil det visuelle uttrykket bli sett frå gjestebrygga (fotoill: ABO Plan & Arkitektur)

Trass i at opposisjonspartia (Ap, Sp, Krf) i sine budsjettframlegg for 2018 har foreslått å kutta investeringane på 22 millionar kroner til dei tre siste bølgjebrytarane i Os hamn, blei dei med posisjonen (Frp/H) på å seie ja til detaljreguleringa for Ytre Hamnebasseng, Osøyro i Plan- og bygningsutvalet (PBU) torsdag. Det samrøystes vedtaket blir no sendt til endeleg godkjenning i kommunestyret neste veke.

Før saka kom opp hadde Espen Aspenes (Frp) etterlyst måleresultata frå testane som er gjort på forankringane til den eine bølgjebrytaren som har lagt ute i ganske nøyaktig eitt år.

• Les òg: No blir bølgedemparen forankra

– Eg ber om at måleresultata på forankringane blir framskaffa og at dei følgjer saka vidare, kommenterte Aspenes.

– Rapporten blei sendt dykk i dag. Vi fekk den frå Sematek i går og har no lagt den ved. Den viser at fortøyinga har fungert tilfredsstillande som forventa. Det er ikkje registrert nokon avvik eller observasjonar som skulle indikera svakheiter, svara Aina Tjosås, kommunalsjef for samfunnsutvikling.

Tilfredsstillande resultat

I rapporten kjem det fram at det etter ei måleperiode på omlag fire månader kunne er registrert lave akseptable laster.

Høgste last er registrert i line kor straum frå Oselvo blei registrert. Høgste last blei målt til 2286 kilo.

Sematek konkluderer med at fortøyingane har fungert tilfredsstillande.

– Utbetring av defekter i overflatebelegg vil bli utbetra ved egna vêrtilhøve. Rustfrie skruer i braketter for belysning byttast til syrefast utføring som opprinneleg planlagt, heiter det som einaste avvik i rapporten.

Endra innseglinga etter innspel

Etter innspel frå Kystverket har plasseringa av dei fire bølgjebrytarane blitt noko endra.

– Plassering av bølgebrytarar er endra frå planen som vart lagt ut på høyring som følgje av merknad frå Kysteverket. Kystverket oppmoda kommunen om å avklare plassering av bølgebrytarane med brukarar i området. Den nye plasseringa av bølgjebrytarar er justert i dialog med det største rederiet. Plasseringa medfører mindre seglingsopning, men innseglinga vert meir direkte opp mot straumen frå Oselva. Det har òg vore kontakt med Statsraad Lehmkuhl. Den skisserte åpningen er stor nok til å komme inn og ut av havnebassenget. Den nye plasseringa har ikkje vore ute på full høyring, men er utforma i samråd med dei største brukarane av hamna. Ingen andre enn Kystverket hadde merknad til plassering av bølgebrytarane, heiter det i saksutgreiinga.

– Det at bølgebrytarane har fått ei endra plassering med direkte opning mot Oselva, gjer at bølger frå fleire vindretningar vil kunne sleppe udempa gjennom og treffe indre hamn og eksisterande gjestebrygge langs Esso-tomta. Akvasafe sin rapport er utarbeida ut frå eit saksa mønster på bølgebrytarane.

– SINTEF konkluderer i sin rapport at det valgte flytemolo-konseptet gir lovande resultat. Men dempingseffekten i gjestehamna bør sjekkast nærmare. Konseptet fungerer som bølgedempar for korte bølger. Den valgte løysinga ser derimot ut til å vere under-dimensjonert for dei største og lengste bølgene i Os hamn. Sintef vurderer det utførte arbeidet som interessant og i nokon grad nyskapande, men meiner det bør utgreiast vidare.

Plasseringa av bølgjebrytarane kan justerast og eventuelt flyttast om kommunen finn det føremålstenleg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.