Sandberg tilbake
Det blir likevel ikkje nokon nestleiarplass å kjempa om for Terje Søviknes. – Eg var veldig motivert for intervju med nominasjonskomiteen, seier Søviknes til Midtsiden.
I dag fortel VG.no at Per Sandberg likevel held fram som nestleiar i Fremskrittspartiet.
– No har eg hatt masse tid med familien, ein god lang ferie, og så ser eg kor spennande det blir fremover no når regjeringa vår og statsrådane våre byrjar å levera politikk, seier han til VG Nett.
I slutten av november takka Søviknes ja til å bli spelt inn som Hordaland Frp sin kandidat til nestleiarvervet, som no ikkje blir ledig likevel.
– Eg må seia saka tok ei litt overraskande vending, seier Søviknes til Midtsiden.
– Eg er ikkje skuffa, men eg var motivert til den vidare prosessen, som truleg ville blitt nokre intervjurundar med nominasjonskomiteen.
Andre opne posisjonar?
Os-ordføraren meiner framleis at partiet hans ville hatt godt av å ha auge frå utsida av regjering og storting inn i leiargruppa.
– Er det andre posisjonar i partiet som kan bli ledige under neste landsmøte?
– Tre av sentralstyremedlemmane skal for val, men om desse held fram som kandidatar eller trekk seg er for tidleg å seia, og uansett for tidleg for meg å kommentera om eg kan vera aktuell for.
– Vi får i så fall ta det om den tid kjem.