Sånn blir bane-kravet løyst
Os Fotball har flytta to innbytarskur. Eitt grep står igjen før tryggleiksona er tilfredsstillande.
Bildeserie:
A-laget sin hovudarena på Kuventræ er 64x105 meter, altså innanfor krava til storleik (60-68 x 100-105 meter).
Men i vinter fekk Os avslag på søknad om dispensasjon til å spela med innbytarbenkar og fundament til tre lyktestolpar inne i tryggleiksona, som er 4 meter frå sidelinja, sjølv ikkje om fundamenta blei polstra.
God løysing med innbytarbenkane
Delar av det ivrigaste dugnadsteamet i Os Fotball har tatt tak, støypt fundament bak innbytarbenkane, snekra ny platting og trekt benkane bak og opp.
– Dette blei ei veldig god løysing, synest A-lagstrenar og dagleg leiar Endre Brenne.
Må likevel trekkja sidelinja inn
Fundamenta til dei tre lyktestolpane følgjer ikkje same veg.
– Det blir for omfattande i denne omgang, seier Brenne.
Dermed må sidelinja flyttast på begge sider.
– Linja blir trekt inn 65 centimeter på kvar side, i alt blir banen altså 1,30 meter smalare. Det er ikkje optimalt, men det er det som må til for å få den godkjent.
Dermed endar banen på 62,7x105 meter, i alle fall denne sesongen.
Nedre bane, K2, er 60 x 100 meter, mens den nyaste banen, som i over 50 år var grasbane, er 66x104 meter.
Til samanlikning er Søfteland idrettsplass, Stilvoll, 50x87 meter, Nore Neset sine banar er 60x100 og 64x102.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.