Lokal | 19. okt. 2011
Sånn blir neste veke
Søkk vått fredag og laurdag, men skyfri himmel frå måndag av.


Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 19. okt. 2011 15:08
Dei som hadde fri i haustferien var heldige med siste del av veka, opphaldsvêr onsdag og strålande sol torsdag og delar av fredagen.
Så blei det vått igjen, men det er meir finvêr i vente.
I morgon får vi eit avbrekk frå regnet, då blir det delvis skya. Fredag kjem regnet tungt tilbake med 27 mm og frisk bris.
Også laurdag skal det regna, men så blir det betre. Søndag er det venta overskya, men opphaldsvêr frå formiddagen av.
Frå måndag skal det bli skyfri himmel, 13 gradar og 5 m/s vind meir eller mindre ut veka.