Lokal | 22. juni 2017

Sånn blir sankthansfeiringa i Vikjo

Kor tid tenner dei bålet og kven skal stå for musikken?

Sånn blir sankthansfeiringa i Vikjo
Slik såg det ut under sankthansfeiringa i Mobergsvikjo i fjor (foto: AH)
Andris Hamretorsdag 22. juni 2017 06:56

I fjor blei det jonsok-rekord då Oseana inviterer til felles sankthansfeiring i Mobergsvikjo. I morgon inviterer kulturhuset på ny til felles feiring.

– Grillane er varme frå klokka 17. Det er berre å ta med seg det ein har lyst på, seier markeds- og kommunikasjonsansvarleg Veronica Søilen Halhjem.

Klokka 18 blir det store bålet i vasskanten tent før kulturhuset inviterer til konsert i foajeen klokka 20.

– Då blir det moglegheit for å svinga seg til sydlandske rytmer med Tone Lise Moberg og The Bahia sine brasilianske toner. Billettane kan ein tinga via Oseana sine heimesider.

Trygg bålbrenning

Det er lov å tenne sankthansbål så lenge det er i god avstand til bygningar, skogsområde, vegetasjon og anna brennbart materiale. Her er råda til brannvesenet for forsvarleg bålbrenning.

  • I tørkeperiodar og ved sterk vind vil eit totalforbod mot all eld vurderast. Dei ansvarlege plikter seg til å undersøke dette før opptenning.
  • Gjer ikkje opp eld på svaberg eller bart fjell då dette gir varige skader på berget.
  • Bålet bør byggast av reine treprodukt. Impregnerte materialar avgjer giftige gassar ved brann. Det same gjeld skumgummimadrassar, gamle sofaer, bildekk og lignande.
  • Bålet bør ikkje byggast for stort. Tilfør i staden meir ved etter kvart.
  • Ikkje bruk bensin eller lignande til opptenning.
  • Er bålet høgt, bør det tennast på frå midten. På den måten unngår du for store flammer og sterk varmeutvikling.
  • Ansvarleg voksen skal sjå til at bålet haldes under kontroll.
  • Sørg for at barn hald god avstand til bålet. Kle dei i naturstoffar som bomull og ull. Kunststoffar tek raskt fyr og kan smelte under sterk varme.
  • Ta hensyn til naboar. Røyk verker irriterande på slimhinner i auge og luftveger, og representerer eit helse- og trivselsmessig problem for dei som eksponerast.
  • Ansvarleg voksen skal sjå til at bålet sløkkjast forsvarleg med store mengder vann. Finnast det ikkje vann på staden, må dette bringes med.
  • Innhent løyve frå grunneiger.

Opphald på dagen, regn på kvelden

Vêrmeldingane for sankthansaftan er ikkje dei beste.

Storm og Yr er litt ueinige, Storm varslar regn heile dagen, Yr melder at det ikkje skal ta til å regne før i 18-tida.

Temperaturen blir 11-12 grader og 5-6 sekundmeter vind ut på ettermiddagen.

Sjå meldinga for Os på Pent.no her

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.