Kultur | 14. juli 2016

Sånn blir Tour des Fjords-festen

Scene, show, konsert og barneritt i sentrum frå klokka 11, internasjonal sykkel-elite på vegane i Os frå klokka 14 til 15.

Sånn blir Tour des Fjords-festen
Onsdag 31. august blir sentrum stengt for biltrafikk og rigga for sykkelfest.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. juli 2016 09:00

Bildeserie:

Stor stemning langs løypa då ein etappe gjekk gjennom Os i fjor. (Foto: KVB)
Stor stemning langs løypa då ein etappe gjekk gjennom Os i fjor. (Foto: KVB)
I år skal deltakarane sykla gjennom Os to gongar.  (Foto: KVB)
I år skal deltakarane sykla gjennom Os to gongar. (Foto: KVB)
1 av 2
Stor stemning langs løypa då ein etappe gjekk gjennom Os i fjor. (Foto: KVB)
I år skal deltakarane sykla gjennom Os to gongar.  (Foto: KVB)

I februar blei det klart at Tour des Fjords kjem tilbake til Os.

Sjå bildeserie frå etappen gjennom Os 2015

I år får Os som kjent starten, onsdag 31. august er dagen du kanskje vil ta fri nokre timar frå jobb, skule eller barnehage for å oppleva showet i Os sentrum og stå ringside både ved start og passering.

– Eg håper flest mogleg får med seg dette, at lærarar legg opp til at elevane kan koma til sentrum eller stå langs løypa, at barnehagar tar spasertur ut til nærmaste del av traseen, eller gjerne ned til sentrum, seier ordførar Terje Søviknes.

Eirik Søfteland og Sondre Aksnes skal underhalda

Os sentrum blir sperra for trafikk denne dagen. Rådhuset blir base med kontor, jury og presse. Med ryggen mot Joker og opning mot Landboden blir det rigga scene i sentrum.

Programmet ser no sånn ut:

11.00 - 13.00: Showet på scenen startar.
Underhaldning frå scene i Os sentrum ved Joker. Eirik Søfteland og Sondre Aksnes er blant osingane som skal på scenen. Det blir òg BMX-show i regi av Tour de Fjords-arrangørane.

11.00 - 13.00: Barneritt.
Dette får start ved Telthusplassen og går over brua og stiane over Kyrkjeflaten, inn Landboden med målgang ved scenen. Dei eldste får truleg ei tilleggssløyfe opp Landboden før retur til same målgang.

14.00: Start.
Det blir pre-start ved scenen og ut Øyro før passering av startlinja, som går over Byvegen mellom Lundehjørnet og Lucianos.

14.20: Eliten startar.

15.00: Eliten er venta å vera tilbake i Os (for å sykla vidare inn Hegglandsdalen) rundt klokka 15.

18:00: Målgang på Bryggen i Bergen

18:15: Premieseremoni (i Bergen)

Nesten 15 mil

Turen går retning Bergen til Kalandseid, over Hamre og Fanafjellet, gjennom Lysefjorden, via Industrivegen til Os sentrum (tilbake rundt kl 15.00), opp Hatvikvegen, inn Hegglandsdalen og vidare over Gullbotnen via Arna og Åsane til målgang på Bryggen i Bergen.

Løypa er 146.9 kilometer lang.

Etappen i Os er startetappen, den første av fem etappar i Tour de Fjords 2016.

Sjå animert video; gjennomgang av etappane.

100 kroner timen til frivillige

Ved sidan av å førebu tekniske krav frå arrangørane skal Os kommune skaffa frivillige i ulike roller, blant anna til rigging av scene og som løypevakter.

Enkeltpersonar og lag og organisasjonar kan stilla. Frivillige får 100 kroner timen for innsatsen, for eksempel som samla betaling til laget dei representerer.

– Os Turlag stiller og tar opp- og nedrigg. CK Henie tar sykkelrittet. Det er òg nokre frå Nore Neset som har meldt seg.

– Vi har fått inn ganske mange, men har framleis plass til fleire, spesielt som løypevakter, seier Søviknes, som er lokal prosjektleiar.

I alt treng kommunen 100 frivillige, morgon, dag og kveld, noko færre om enkelte tar fleire vakter.

Målgang i Bergen

Tour des Fjords er eit resultat av ei oppgradering av det tidlegare éindagsrittet Rogaland Grand Prix. Tour des Fjords blei i 2013 kategorisert som UCI 2.1, og besto av 4 etappar som gjekk over tre dagar.

I 2016 blir det køyrd etapperitt over 5 etappar, der første etappe går frå Os til Bergen etter ein runde opp Fanafjellet med bakkespurt, retur til Os og vidare inn Hegglandsdalen over Gullbotnen til Arna og Åsane før målgang på Bryggen.

– Løypene er ei marknadsføring av Vestlandet og Fjord-Noreg. Ved å inkludera både Hordaland og Rogaland, med fjell og fjord, har vi fått til eit spennande etapperitt i 2016, seier rittleiarr Tor Arne Oltedal, ifølgje tourdesfjords.no.

– Med opningsetappen frå Os, der siste del er lik avsluttande rundar i den komande VM-løypa, får vi både ein forsmak på VM (Bergen2017).

Dei neste etappane:
TORSDAG 1. SEPTEMBER: Stord - Odda
FREDAG 2. SEPTEMBER: Ulvik - Suldalsosen
LØRDAG 3. SEPTEMBER: Stavanger - Sandnes
SØNDAG 4. SEPTEMBER: Hinna Park - Stavanger



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.