Sport | 21. okt. 2018

Sånn enda opprykkssesongen

Os fekk ein tøff bortekamp i går. Neste helg er det KM-finale.

Sånn enda opprykkssesongen
Sånn enda tabellen etter at Os, som vann 7-0 heime (bildet), i går tapte 2-1 borte for Valestrand Hjellvik. (Foto/tabell: Kjetil V. Bruarøy/fotball.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 21. okt. 2018 07:40

Etter å ha vunne 6-0 over Frøya i sesongens siste heimekamp spelte Os i går 22. og siste serierunde borte mot Valestrand Hjellvik.

På heimebane vann Os 7-0, i går hamna dei under 2-0.

– Valestrand Hjellvik hadde noko å kjempa for, og det gjorde dei verkeleg òg, seier trenar Tim Henrik Sperrevik.

Os sikra opprykket for to veker sidan, Valestrand Hjellvik kjempa om å halda seg i divisjonen.

– Dei la seg lågt, jobba hardt og satsa på overgangar, noko dei lykkast med.

Vertane gjekk opp i 1-0 i 53. minutt og auka til 2-0 i 70. Os reduserte ved Steffen Kvamsdal fire minutt før slutt.

Valestrand Hjellvik - Os 2-1 (0-0)
Målskårar, Os: Steffen Kvamsdal
Os: Chris Sunde Midtun - Endre Brenne, Alexander Dale, Vegard Skeie, Harry Moore - Marius Mikkelsen, Steffen Kvamsdal, Øystein Takle Eide - Kristoffer Røttingen, Erik Kanestrøm og Sander Kvittingen.
Innbytarar med speletid: Trym Hjørnevik, Frode Storebø, Alexander Tøssebro og Henrik Sperrevik (debut)

– Vi hadde ballen mykje, og kom til innlegg, men klarte i grunnen ikkje å skapa så mykje. Det blei litt energilaust frå vår side.

Os enda med 18-1-3 og 86-23 i målforskjell.

• Sjå tabell og detaljar på fotball.no

Toppskårarane til Os, Christoffer Hafsås (karantene) og Mats Cato Moldskred (skade), måtte stå over kampen, Henrik Sperrevik kom innpå i slutten av kampen og fekk med det debuten sin.

– Det er fleire unge som har fått smaka litt på høgare nivå i haust, vi får håpa det gir inspirasjon inn i den lange treningsvinteren.

Sjølv om serien er over har Os éin kamp igjen.

Laurdag om ei veke ventar KM-finale mot Bergen Nord.

– Det skal bli kjekt å måla styrke med dei du rykker opp saman med. Eg reknar med at gutane er tente på å vinna KM-tittelen, seier Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.