Kultur | 18. des. 2010

- Sånn skal det gjerast

Opningsfest på Irish Cat: Tidlegare utelivsbaron i Os, Reinhardt Østrem, meiner Risti & Co har gjort alt rett.

- Sånn skal det gjerast
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 18. des. 2010 00:59

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

- Her har dei plass til mange nok, det er viktig. I tillegg kan eigarane stenga av og opna avdelinger etter kor mykje folk som er her, noko eg tidleg la merke til, og som er ein stor fordel for dei som driv Irish Cat, sa Reinhardt Østrem under opninga av Irish Cat fredag kveld.

Østrem var med og starta Madam Ane, som seinare skifta namn til Madammen. Mykje har sikkert endra seg sidan 1988, men den tidlegare sjappeeigaren har stor tru på den nye nattklubben i Os.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

- Her er ting på stell, interiøret er påkosta og rominndelinga smart. Os treng ein sånn plass, eg håper dei ser kva dei har fått og kjem seg opp og ut.

Fullt guff frå halv ni
Irish Cat opna dørene for inviterte gjestar klokka 20 fredag kveld. Dei tre feststemte damene Irene Svendsen, Anne Grethe Hatlelid og Grethe Rein møtte presis, nokre minutt seinare sto ei lita klynge med gjestar klare for å gå den bratte trappa opp til lokalet Matstova i mange år heldt til

I 20.30-tida sat det folk ved alle borda i og rundt baren, ein halvtime opna også LIVE-avdelinga, og folk byrja å siga inn mot scenen for å få med seg Totto då han byrja å spela.

Tett potte
Medeigar Espen Risti fortel om ein hektisk innspurt.

- Det er mange som har stått på i heile dag for å få alt klart. Det heile toppa seg då vi klokka 18 skulle testa nymontert toalett og det ved første drag i snora viste seg å vera tett avlaup.

- Det ordna seg heldigvis i siste liten.

Fine tilbakemeldingar
Risti var strålande nøgd med starten på kvelden, mange gjestar frå tidleg kveld og veldig fine tlbakemeldingar.

- Det er litt synd at ikkje den avdelinga der vi har flest folk, LIVE-avdelinga, er den einaste som ikkje er ferdig. Vi har ikkje fått opp tapet eller noko på veggane.

- Men det kjem, og folk ser ikkje ut til å bry seg. Sjølv er vi veldig nøgd med resultatet, og glad for alle dei fine tilbakemeldingane vi har fått, seier Espen Risti.

VIDEO: Sjå snutt frå starten på opningsfesten. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.