Parkering kun framfor Baronsgården er slik kommunen vil ha det på torget (foto: Andris Hamre)

Sånn skal du parkera på Øyro

Feilparkering på Øyro ved torget skaper trafikkfarlege situasjoner i Os sentrum.

Av: Andris Hamre

Til plan- og bygningsutvalet sitt møte torsdag hadde Espen Aspenes (Frp) sendt inn ei rekkje bileter av relativt kaotisk parkering på torget mellom Torgbygget, gamlebanken og framfor Drageset-bygget.

– Etter mitt syn er det god struktur i gata Øyro mellom S.Tvedt og Jernia, men frå Dragesethjørnet og videre nedover så ser det noko meir kaotisk ut. Finst det ein møbleringsplan for Liv på Øyro og kven er det eventuelt som har mynde til å ommøblera. For meg hadde det vore logisk om ein følgde drensrenna framfor Baronsgården, innleia Aspenes, som fekk støtte frå dei andre politikarane.

Små heller viser kor ein skal køyra

Kommunalsjef Aina Tjosås delte frustrasjonen, men poengterte at dette er noko alle må vera med å få orden på.

– Vi kan jo byrje med oss sjølv, eg har observert ulike bilar som har vore parkert der dei ikkje skal. Sågar var det ein som køyrde mellom torgbygget og Libris no på laurdag.

– Køyrefelta er markert med dei små hellene, dei store hellene skal ikkje køyrast på. Til dømes så skal det ikkje stå bilar framfor Joker og Orionrestaurant. Om de ser etter så er det der små steinar, altså køyrefeltet. Det er difor kassene står der dei står framfor Baronsgården og ikkje langs drensrenna lengre inn.

– Det er parkering kun på den eine sida av torget, men vi kan ikkje skilta fordi vi ikkje har ein godkjent skiltplan. 

Treng meir "folkeopplysning"

May Britt Mjøs (H) oppmoda til enno meir folkeopplysning.

– Det nye gulvet er fint, men det er for dårlege avgrensingar. Ligg det til dømes snø så ser du ikkje kor det er tenkt at du skal køyra eller ikkje. Vi treng betre folkeopplysning.

– Ved Jernia og Tveiten så er det fin symetri. Eg trur folk blir forvirra når det er noke som står ein retning og noko anna som står ein annan retning. Det eg slit med er kven som har ansvaret og kven som vil ta tak i det, supplerte Aspenes.

– VI har prøvd mange ulike løysingar. Eg skal kalla inn næringssjefen og prosjektsjefen så får vi bli eininge om korleis vi løyser det, svara Tjosås.

Tung vane å snu

Terje Sperrevik (TvS) peika på at det er tungt å få folk til å endra vanene sine, etter at ein i "alle år" har parkert også framfor Dragesetbygget.

– Eg forstår at Tjosås ikkje kan løyse dette aleine. Det er ei kjempeutfordring. Vi har eit ope torg kor bilar og gåande skal dele på plassen. Då gjer det det vanskeleg å endra vanene til folk. Få parkeringsverten ned igjen her og begynn på ein hyggeleg måte å informere folk. Slik det er no, blir det berre kaotisk og håpløst. Det er trist når det ellers har blitt så bra som det har blitt.

– Vi har informert og informert. Alle som jobbar på Os har sett kor dei skal parkera. vi må berre gjenta og gjenta det inntil det sit. VI ønskjer ikkje gjennomkøyring gjennom sentrum, men at dei som er i sentrum skal handla eller nytte seg av tenestene ein finn her nede, svara Tjosås.

Fleire saker