Lokal | 26. okt. 2012

Sat fast i gjerde

Kald og rusa mann sat fast i gjerde46 kontrollert, éin meldtOle Bulls veg stengd heile helga"Leketøyseljarar" over heile bygda

Sat fast i gjerde
Bedugga mann satte seg fast i eit gjerde ved Kuven stasjon (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 26. okt. 2012 10:00

Torsdag formiddag gjennomførde patrulja frå lensmannskontoret ein trafikkontroll i Kolskogen.

- 46 bilar blei kontrollerte i løpet av den timen dei sto der.

- Det resulterte i at ein blei meldt for å køyra bil med hengar utan å ha førarkort som tillet dette, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Sat fast i gjerdet

Tidligare på morgonen, i ni-tida, fekk politiet melding om ein person som sat fast i eit gjerde i området ved Kuven stasjon.

- Han var bedugga og kald.

- Helsepersonell kom til staden og tok seg av han.

Organiserte selgarar

I løpet av torsdagen fekk politiet inn ei rekkje meldingar om selgarar på dørene i fleire krinsar.

- Vi fekk meldingar får mellomanna Øyane, Lekven, Moberg og Hegglandsdalen.

- Det virkar som dei er organiserte og dekkjer heile bygda når dei kjem, seier Sperrevik.

Set pris på tips

Politiet kontrollerte eit par av dei og fekk personalia.

- Vi hadde mellomanna ein som hadde tatt tilhald i området ved Kiwi på Moberg inne for ein prat.

- Det var vanskeleg å til ein dialog då han hadde eit dårleg språkforråd både på engelsk, tysk og norsk.

- Vi set stor pris på at publikum gjev oss melding når desse selgarane kjem på døra slik at vi får ei oversikt over aktiviteten.

- Så lenge dei ikkje gjer noko kriminelt eller opptrer trugande er det lite vi kan gjera anna enn å registrera aktiviteten, forklarar politioverbetjenten.

Ole Bulls veg stengd

Ole Bulls veg over Søvikåsen er stengd grunna rasfare.

- Meldinga vi har fått seier at den nok vil vera stengd til over helga, avsluttar Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.