Lokal | 19. nov. 2011

Satsar lokalt

Galskap etter julepynt blei meir enn ein hobby. No produserer dei for Nordisk Rom.

Satsar lokalt
Andris Hamrelørdag 19. nov. 2011 07:51

Ine Tumyr og Tonje Kyte har minst eit par ting felles. Begge er gale etter julepynt og begge er kunsthandtverkarar.

- Då eg såg bloggen til Tonje tok eg kontakt og høyrte om ikkje eg kunne få selja varene deira i butikken min, og det fekk eg, smiler Katrine Brattfjell Heggland i den nystarta interiørbutikken Nordisk Rom på Osøyro.

- Det blir den einaste staden i Os vi sel produkta, fortel Ine Tumyr om kolleksjonen Brattfjell Heggland har tatt inn.

- I tillegg til at eg likte pynten er det eit poeng for meg at det er lokalprodusert. Det er kjekt at vi nystarta kan støtta kvarandre, forklarar Brattfjell Heggland.

Sju sortar

Dei to driftige damene begynte i vinter å snakke om at dei hadde lyst til å gjera noko saman. Interessa for keramikk og julepynt delte dei, men korleis dei skulle dela det med folket?

Resultatet blei at dei starta selskapet «by it» saman.

- Den første tida gjekk med til å utvikla idear og liknande.

- Vi fann ganske fort ut at vi ville laga «sju sortar» til jul. Dermed blei det den første kolleksjonen vår, forklarar Tumyr.

Handlaga

Produksjonen starta dei opp med for fullt etter sommaren.

- No held vi til heime hos Tonje sidan ho har ein liten.

- Der går det i utforming, brenning og glasur.

- Alt er handlaga, frå former til ferdige produkt, skyt Tonje Kyte som legg til at dei storkoser seg når dei sit og lager nye produkt.

Dei sju sortane består av forskjellege mønstre og variantar som står til kvarandre.

Som varmt hvetebrød

For fjorten dagar sidan var dei to med på kunsthandverksmessa på Galleriet i Bergen.

- Der gjekk varene unna som varmt kveitebrød.

- Hjertholm på Galleriet la inn bestilling tvert då dei såg kolleksjonen, så i tillegg til her i Nordisk Rom kan ein få kjøpt varane der, fortel Kyte.

Stilen dei to har lagt seg på er kvit og rein.

- Vi har vel forsøkt å få ein moderne vri på ein klassisk stil, avsluttar Ine Tumyr.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.