Næringsliv | 16. mai 2010

Satsar med Saxon

Ein tur til Spania resulterte i Saxon-agentur for osingen Even Hægland. - Saxon passar bra til dei som vil ha seg ein bestesykkel, seier Even.

Satsar med Saxon
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 16. mai 2010 07:26

Bildeserie:

1 av 8

Even Hægland er vane med å driva butikk, men ikkje med å selja motorsyklar. Det hindra han ikkje frå å bli den som tok Saxon til Noreg.

- Eg sel Palfinger-kranar frå eit selskap eg driv med to andre osingar, Vognteknikk AS. Samstundes har eg alltid vore levande interessert i motorsyklar, og då spesielt dei frå Statane.

Nyleg fekk han sine to første Saxon-syklar til Noreg, akkurat tidsnok til å rekka vårmønstringa i Bergen.

- Responsen var overveldande. "Endeleg" var det fleire som sa.

Dyr Spania-tur
I fjor sommar var Even og familien på ferie i Spania. I ein butikk i Alicante kom han over nokre Saxon-syklar.

- Saxon hadde nyleg kome til Spania, og eg byrja med ein gong å leika med tanken på å få Saxon til Noreg, fortel han.

I påsken i år hadde han nokre dagar fri, og då bestemte han seg for å gjera alvor av ideen.

- Eg tok kontakt med selskapet i Nederland som importerer Saxon til Europa, fekk agentur og klarte heldigvis å få tak i to syklar tidsnok til at eg hadde noko å visa fram under vårmønstringa i Bergen.

Med selskapet Thunderbikes er Hægland i gang.

Skreddarsaum frå Arizona
Saxon bruker dei same motorane som mange puttar i Harley-syklane når dei bygger dei om, S & S, noko som blant anna finta Bergens Tidende til å tru at det var ein Harley Davidson dei hadde tatt bilde av under vårmønstringa.

- Mange som kjøper ny Harley til rundt 300.000 kroner bruker gjerne 70-80.000 kroner eller meir på å tilpassa og bygga om til sin stil.

- Det som er spesielt med Saxon er at du kan få så utruleg mykje spesialtilpassa frå starten av, seier Even, og ramsar opp: Ei rekkje modellar å velja mellom, eit stort spekter av fargar om motiv, gjerne noko du har teikna sjølv. Du kan også velja mellom svart, krom og heilpolert motor, mange typar hjul, og fleire old-school-effektar.

- Denne, for eksempel, har stiv ramme, fjøringa i setet er einaste demping, og gaffelen er ein såkalla springer-gaffel, seier Even, og peiker på HenchMan-sykkelen han stilte ut for Midtsiden.

Kubikk som kostar
Dei to første Saxon-syklane Even har fått til Noreg har lik motor, kvar på 1560 kubikk. Prisen startar på 330.000 kroner.

- Dette er nok syklar for folk med litt tjukkare lommebok enn folk flest, som ein sykkel nummer to, ein bestesykkel, seier den ferske importøren.

- Det er mange sykkelinteresserte med eigne ønskje, men utan tid eller kompetanse til å bygga om syklane sjølv. Hos Saxon får du ein sykkel slik du vil ha den, levert med fly, så ikkje ventetida skal bli for lang.

Kan bli butikk
Hægland har ikkje planar om å hoppa av kranbransjen for å satsa fulltid på mc, men seier han trur sal av Saxon kan bli butikk.

- Med berre eitt merke er det ikkje nok til å starta butikk, men eit selskap som sel mc-klede i same bygning som vi har kontor har takka ja til å stilla ut syklane, i tillegg jobbar eg med å få inn eit merke nummer to. Då kan det henda at eg opnar ein fast utsalsplass.

Tysdag skal han dessutan til Austlandet for å ha møte med ein potensiell forhandlar.

- Det blir ein kjekk hobby no i starten, men likevel noko eg tar seriøst, seier den ferske mc-importøren.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.