Kultur | 14. okt. 2009

Satsing utan Oseana

Regjeringa kjem med rekordsatsing på kultur, men i statsbudsjettet ligg det ikkje pengar til Oseana.

Satsing utan Oseana
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. okt. 2009 09:29

Store delar av kulturlivet i Hordaland fekk mykje å gleda seg over i statsbudsjettet som blei lagt fram denne veka. Men kunst- og kultursenteret Oseana, som er under bygging, er ikkje på lista.

- No har vi søkt om tippemidlar og desse er ikkje del av statsbudsjettet, seier ordførar Terje Søviknes.

Men i liste over "søknader som vurderes for tilskudd etter 2010" står Oseana, saman med Arena USF i Bergen.

- Dette skaper frustrasjon. Slike prosjekt får som regel støtte fordelt over fleire år, og vi trudde jo vi skulle pengar allereie i 2009, frå tippemidlane som blei fordelt hausten 2008, seier Søviknes til Bergens Tidende i dag.

Den totale storleiken på kulturbudsjettet er på 9,3 milliardar kroner, det største nokosinne, og ei auke på 2,7 milliardar frå 2005.

Når den nye regjeringskabalen blir lagt fram får Søviknes veta om det er Trond Giske eller andre han skal purra på, når det gjeld å få ei avklaring i forhold til prosjektet på Mobergsneset.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.