Asbjørn Olav Ovredal, Håkon Strømland Johnsen og Karl-Ludvik Tøsdal med bevisa for at dei er innehavarar av norgesrekorden (foto: Endre Vik Larsen)

Sette norsk rekord

Unggutane Håkon, Asbjørn og Karl-Ludvik sette ny norsk rekord i bogeskyting for lag med eit snitt på 7,6 poeng per pil.

Av: Andris Hamre

Osingane Karl-Ludvik Tøsdal (13), Håkon Strømland Johnsen (15) og Asbjørn Olav Orvedal (14) sette i februar ny norsk rekord i bogeskyting for lag.

– Vi fekk nyleg stadfesta frå Norges Bueskytterforbund at dei hadde tatt rekorden på klubbstemnet 9. februar.

– Den nye norske rekorden er på 691 poeng av 900 moglege. Det tilsvarar eit snitt på 7,6 per pil, noko som er utruleg bra, stråler Endre Vik Larsen, trenar i Fana Bueskyttere.

Stolt av dei

Ikkje mindre imponerande er det at dei unge bogeskyttarane sette rekorden etter berre vel eit halvår med idretten.

– Dei byrja alle med bogeskyting i fjor haust. Eg er imponert over dei. Dei er lærevillige og engasjerte utøvarar som eg er stolt av å få vera trenaren til, seier Vik Larsen.

NM til helga

Saman med Bettina Moberg Johansen (14) reiser dei tre rekordhaldarane til NM i Stavanger i helga.

– Der blir laget vårt Bettina, Håkon og Asbjørn. Karl-Ludvik skal delta i ein annan klasse.

– Kva forventningar har du til dei under NM?

– Eg forventar at dei slår Stavanger Bueskyttere. Det er den klubben eg sjølv skyt for no, så det hadde vore utruleg kjekt om dei hadde slått dei, seier trenaren, som er i ferd med å skifta klubb til Fana.

Enorm vekst

Fana Bueskytterklubb blei stifta i 2015 og har medlemmar hovudsakeleg frå Fana og Os.

– Vi har hatt ei enorm oppslutning etter at vi starta. I ein oversikt frå forbundet som kom i januar er vi den klubben som har flest deltakarar med på stemner.

– Konkurransane går føre seg på 18 meters hold. Bettina, Håkon, Asbjørn og Karl-Ludvik skyt på ei skive som er 60 cm i diameter, med poeng frå 1 til 10. I lagkonkurransene skyt dei 30 piler kvar, med tre utøvarar på laget slik at det tilsamen er 90 piler som blir skote.

– Kva kjenneteiknar ein god bogeskyttar?

– Du må vera rolig og tåle eindel dårlege piler. Det som gjeld er å tenkje at pila du har skote kan du ikkje gjere noko med, no er det den neste som tel, seier Endre Vik Larsen.

Fleire saker