Seglesesongen i gang
Sesongens første trimmingsseilas gjekk av stabelen tysdag. Ikkje alle båtane hadde kome seg på sjøen enno.

Det har vore ei utfordring for Os segleforening å få tak i kranbil til sjøsetting av båtane i Kvernavika denne våren. Difor var det framleis endel båtar som lå "landfast" då sesongens første trimmingsseilas gjekk av stabelen tysdag.
- Dette var til ein fordel for dei som hadde fått båtane på sjøen då dei kunne hyra på mannskap frå båtane som framleis låg på land, fortel Svein Skoglund i ei melding til Midtsiden.
Lite vind
Seglinga starta i Strøneosen, gjekk rundt Teistane vidare til ei bøye ved Alholmen/Flatøy og tilbake til mål.
Det var lite vind, så seglarane fekk litt å bryna seg på.
Best ut kom Lady K, Confortina 32 med Bjørn Eliassen ved roret. Ved runding Alholmen låg båten i leiinga.
Vinden forsvann meir eller mindre på veg ut til runding og kom berre i "spissposar" forskjellige plassar på fjorden.
- Nokre valte å gå inn til Storeknappen medan andre valte å sette kursen nordvest over fjorden, fortel Skoglund.
Den svake vinden held seg resten av løpet noko som gjorde at det blei mykje jobbing og trimming av segl for å koma seg raskast mogleg tilbake til mål.
Resultater
Klasse lys t.o.m. 1.20:
Nr 1, Lady K, Lys 1.14, Bjørn Eliassen 2:52:32, dette holdt også til første plass over all.
Nr 2, Godemine, Lys 1.14, Kåre Perry Solibakke, 2:55:23, 3. pl. over all.
Nr 3, Marelle, Lys 1.18, Sigbjørn Paus, 2:55:48, 4. pl. over all
Nr 4, Ina Kristine, Lys 1.16, Janet Lepsøy, 2:57:48, 6. pl. over all
Brikten og Tina for II står på land……
Klasse Lys f.o.m 1.21:
Nr. 1, Piano, Lys 1.24, Sverre Holm, 2:53:33, 2. pl. over all.
Nr. 2, Stella, Lys 1.24, Terje R. Eltvik. 2:56:27, 5. pl. over all.
Nr. 3, Lisa, Lys 1.23, Paul Ø. Mehammer, 2:58:21, 7. pl. over all.
Nr. 4, Marlin, Lys 1,29, Hermod Opstvedt, 3:05:59, 8. pl. over all.
Her var det 3 båtar som ikkje kom seg til start.