Sport | 21. mars 2014

– Segling er meditasjon

Os Seilforening gjer seg klar til ny seglsesong og arrangerer kurs for å få fleire med seg på fjorden.

– Segling er meditasjon
Torun Kaspersen nyter segllivet ute på fjorden. (Foto: Privat)
Kari M. Lyssandfredag 21. mars 2014 08:09

Regattasesongen nærmar seg og 25. mars og 1. april vil Os seilforening arrangera kurs for seglarar og mannskap, anten dei vil vera med på regatta som mannskap, segla med eigen båt eller reisa på tur.

– Kurset gjev også god innføring og ekstra tryggleik til dei som normalt ikkje styrer båten. Kva om styrmannen ramlar uti eller får helseproblem, kven skal då handtera båten? spør Svein Skoglund i Os Seilforening.

Treng fleire båtar

Skoglund håper på like stor oppslutnad som i 2013.

I fjor hadde vi 22 nye seglarar på kurset og vi håper det blir bra oppslutnad i år òg, for vi treng både fleire båtar og medseglarar på regattaene våre.

Saman med Paul Øyvind Mehammer skal han halda eit todagarskurs der det blant anna blir lagt vekt på tryggleik om bord, planlegging og trimming av segl.

– Vi som har segla nokre år ønskjer å overføra nokre av erfaringane til dei som nyleg har starta med seglinga sine gleder og utfordringar.

Vil prøva seg på eigehand

To av dei tidlegare kursdeltakarane, Geir Tennebekk og Torun Kaspersen, har begge vore med som mannskap på Skoglund sin båt.

– Eg har segla i fleire år og har no eigen seglbåt, men lærte mykje på seglkurset eg ikkje visste, fortel Tennebekk.

Saman med kjærasten Torun har han planar om å byrja med regatta i eigen båt i år.

Gav meirsmak

Torun blei interessert i segling for mange år sidan, då Skoglund fekk ho med seg på ein prøvetur.

– Første turen min bles det mykje, men eg blei ikkje redd, det gav berre meirsmak, fortel Kaspersen.

– Eg har gått på fleire av kursa til Os Seilforening, og sjølv oss som har vore med i fleire år lærer heile tida nye ting.

Du treng verken ha erfaring eller eigen båt for å bli med, mange av båtane treng mannskap og ein vil læra seg samhandling mellom mannskap og korleis ting fungerer ombord.

Både Kaspersen og Tennebekk anbefalar andre å læra seg å segla.

– Det er kjempegøy! seier Tennebekk.

– Å reisa ut på sjøen, utan motordur, det er som meditasjon, seier Torun Kaspersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.