Segway på vårslepp i Os

– Eg er glad eg prøvde

VIDEO: Midtsiden lokka Harald Lekven til å testa segway.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Under vårsleppet i Os sentrum laurdag var Bergen Segway ny utstillar.

Vêret var dårleg, men fleire av dei få som møtte fram testa tohjulingane som blei lovlege frå 1. juli 2014.

– Det var faktisk kjempegøy, eg er glad eg prøvde, seier Harald Lekven etter ein testrunde i Landboden.

Like optimist var han ikkje då Midtsiden ba prøva, og verre blei det då den robuste politimannen fekk veta at han måtte ha sykkelhjelm på.

– Du driter meg godt ut no, meinte han.

Men Lekven meistra den motoriserte tohjulingen bra. Rett nok blei ein del av kjeglene i løpa klemt flate, men han fekk fort øvd inn ein god svingteknikk.

– Ser byen på ein annan måte

Marie Blokhus frå Bergen Segway fortel at det var mannen hennar Alexander Blokhus som saman med to andre starta segway-selskapet med det same kjøretøyet blei lovleg i Noreg.

– Vi driv ikkje med sal, berre utleige, fortel Marie.

– Vi kjører guida turar i Bergen, der tilreisande og innbyggarar i Bergen får sjå byen på ein litt ny måte.

Turane er på to timar inkludert innføring på kjøreteknikk. Trafikkreglane på tohjulingane er som for andre tohjulingar, altså sykkel.

Kundane er alt frå turistar til utdrikkingslag og firma som vil gjera noko nytt saman.

– Vi har sju for utleige, men vurderer å utvida. Kvaliteten er god og vi har ikkje hatt noko tull med nokre av dei. Interessa er også stor og det blir god stemning både hos dei som kjører og publikum når desse kjem trillande, seier Blokhus.

 

 

Fleire saker