Sei di meining om hamna
Kommunen og Europan inviterer til folkemøte om tomta ved og rundt gjestebrygga.
I juni blei Os kommune, med området ved gjestebrygga, plukka ut til å representera Noreg i arkitektkonkurransa Europan, kor unge arkitektar i Europa blir invitert til å teikne korleis dei ser for seg å utvikla området.
– Tomta strekk seg frå grøntområdet ved Oselvarnauset og Oselvarverkstaden over brua og bort til Vognhallen.
– Den tek òg med seg kaien ved Esso, Peppes og vegen i mellom.
– Korleis kryssinga av vegen skal gjerast ligg til oppgåva, forklarar ordførar Terje Søviknes (Frp).
Kva tenkjer osingane
Tysdag klokka 19 inviterer kommunen saman med arrangørane av arkitektkonkurransa, Europan til folkemøte i Oseana for å få osingane sin synspunkter før konkurransegrunnlaget skal skrivast.
– Hovedhensikten er å gje alle osingar moglegheiten til å komma fram med sine tankar og idear for området før konkurransa tek til.
– Bård Sandal, regiondirektør i fylkeskommunen, Sjur Frimann Hjertnes frå ABO, Børrea Skau-Larsen frå Solstrand og Rune Tuft Fanastøl frå AsplanViak vil innleia i møtet.
– Dette blir ei unik moglegheit til å påvirka konkurransegrunnlaget før det blir skriven, påpeikar ordføraren.
Konkurransa vil bli lyst ut på nyåret, med frist til å levara bidrag tidleg på hausten.
– Vinnaren vil bli kåra utpå hausten eingong, avsluttar Søviknes.