Lokal | 22. feb. 2017

Seier ja til Os og Fusa

Samarbeidspartia H, FrP, KrF og V seier ja til samanslåing av Os og Fusa kommuner.

Seier ja til Os og Fusa
Dei fire samarbeidspartia V, KrF, Frp og H er samde om korleis kommune-Noreg skal sjå ut. Seier med det ja til samanslåing av Os og Fusa (skjermskot frå nrk.no)
Andris Hamreonsdag 22. feb. 2017 07:59

På ei pressekonferanse i Stortinget onsdag morgon fortalde stortingsrepresentantar for dei fire samarbeidspartia H, FrP, KrF og V, saman med kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H), at dei no har ei avtale om å seie ja til alle dei frivillige samanslåingane som kommunane har kome fram til.

Det betyr at når saka skal opp til den formelle handsaminga i Stortinget seinare i år så vil stortingsfleirtalet seie ja til samanslåinga av Os og Fusa.

– Avtalen gir ein forutsigbarheit for kommunane og ein treng ikkje venta på vedtaket for å gå i gang med arbeidet. Dette er det no einigheit om i Stortinget og det er det regjeringa vil legga til grunn i saka vi skal legga fram for Stortinget. Dette er resultatet, fortalde Sanner.

Resultatet av kommunereforma er at kommune-Noreg vil bli redusert frå 428 kommunar i dag til 358 kommuner etter samanslåingane, om ikkje ytterlegare kommunar finn saman.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.