Lokal | 19. jan. 2017

Seier på ny nei til butikk på Kloppamyro

Administrasjonen rår kommunestyret å seie nei til Norgesgruppen sitt ønskje om å byggja butikk på Kloppamyro i Ådnadalen.

Seier på ny nei til butikk på Kloppamyro
På tomta merka raudt ønskjer Norgesgruppen å byggja butikk (kart: kommunekart.com)
Andris Hamretorsdag 19. jan. 2017 10:19

Administrasjonen står fast på si tilråding frå september om ikkje å tillata endring i reguleringsplanen for Ådnadalen-Kloppamyro, trass i at politikarane i plan- og bygningsutvalet snudde saka og sa ja til at planen kunne leggast ut på offentleg ettersyn.

– Framlegg til plan er i strid med regionale retningslinjer for areal og transport, regionale retningslinjer og føresegner for senterutvikling i Hordaland, samt gjeldande arealplan og samfunnsplan for Os kommune, er grunngjevinga frå administrasjonen som vil avventa den overordna handelsanalysen kommunen no får gjennomført i samband med arealdelen av kommuneplanen før ein konkluderar.

Saka skal no på nytt opp i plan- og bygingsutvalet, før endeleg avgjer fell i kommunestyret i februar.

Får støttet frå fylkeskommunen

I høyringsrunden har det kome inn fem merknader frå offentlege instansar og ein merknad frå ein privat aktør (Norgesgruppen). Mest kritisk er Hordaland Fylkeskommune, som støttar administrasjonen.

– Hordaland Fylkeskommune rår kommunen til å sjå på alternative lokaliseringar av handel i området ut frå omsynet til senterutvikling og samordna areal og transportplanlegging. Fylkeskommunen er positiv til etablering av nærbutikk på Nore Neset/Skeie/Hagavik, men er kritisk til lokaliseringa som denne planen opnar for, heiter det i saksutgreiinga.

Fylkeskommunen stør opp under at planen ikkje er i tråd med regionale retningslinjer for samordna areal og transport, og regionale retningslinjer for senterutvikling. Dei ber òg om at kommunen set eit tal på kor mange kontorarbeidsplassar som kan etablerast på staden og etterlyser samstundes ei meir grundig skildring av korleis ein skal koma seg trafikksikkert til og frå området.

3000 potensielle kunder

Ikkje uventa, er Norgesgruppen ikkje samd i dette. I si høyringsuttale argumenterar dei med at 3000 innbyggjarar igjen kan få ein nærbutikk og at 70% av desse vil få gang og sykkelavstand til butikken. Dei presierer òg at det er snakk om ein nærbutikk.

– Vi kan ikkje sjå at ei etablering av ein nærbutikk for lokalbefolkninga utenom Os sentrum/Osdalen er i strid med regional plan for attraktive senter i Hordaland, heiter det i uttalen frå Norgesgruppen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.