Sport | 25. mars 2012

Seig generalprøve

Fyllingsdalen stilte med andrelaget sitt på Kuventræ i dag. Det var gjerne like greit.

Seig generalprøve
Fredrik Heggland fekk til ein del i dag, som dette forsøket på å legga ballen over keeper. Dessverre for Os gjekk den også over tverrliggar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 25. mars 2012 23:16

Søndag spelte Os siste treningskamp før seriestart. Trenar Tim Henrik Sperrevik blei skuffa då det viste seg at 2. divisjonslaget til Fyllingsdalen hadde spelt mot Austevoll dagen før (kampen enda 0-0), og derfor stilte med andrelaget sitt mot Os.

Sperrevik ville, trass i at kampen var på tampen av ei lang og tung treningshelg, gje Os mykje motstand i dag.

Men Fyllingsdalen 2, som rett nok var forsterka med nokre andredivisjonsspelarar, viste seg å vera plenty motstand i dag.

Os - Fyllingsdalen 2: 0-2 (0-1)

– Vi var ikkje heilt på i dag, og naturlegvis veldig tung i beina, utan at det skal vera nokon unnskylding. Fyllingsdalen stilte med ein ung, kvikk og samkjørt gjeng som var hakket kvassare enn oss i dag, spesielt på overgangane, synes Os-trenaren.

Os skapte ein del sjansar, spesielt i første omgang. Men gjestane hadde også sine farlege angrep som ikkje enda i nota, ein god Anders Kloven mellom Os-stengene hindra at det ikkje blei meir enn to imot.

Lett nok i april?

Fyllingsdalen 2 speler i naboavdelinga til Os i år.

–No har vi tre veker på oss til å sleppa opp etter ein vinter der vi kanskje har kjørt litt for hardt på. Vi kjem nok til å få igjen for slitet utover i den lange sesongen, så blir det spennande å sjå om vi rekk å bli lett i beina til seriestart.

Serien startar med heimekamp mot Bjarg laurdag 14. april. Før det, måndag 9. april, er det første kvalifiseringkamp i NM. Den går borte mot Smørås.

Dagens lag

Os: Anders Kloven, Torkel Hjertnes, Per Søgnen Merai, Stian Lunde, Vegard Engelsen Moberg, Tore Valvik, Fredrik Heggland, Erik Kanestrøm, Preben Borgen, Christer Olsen, Ramo Racic.

Innbytarar med speletid: Mounir, John Ole Johannessen og Mats Lepsøe.

Juniorane til kvartfinale

Egil Thuen, Håkon Kvittingen, Håvard Grøteide og Simen Lassen var lånt vekk til juniorlaget for å spela Varegg Cup i dag.

Juniorane til Os tok seg til kvartfinalen, der dei tapte 0-1 for Nymark etter å ha styrt mesteparten av kampen.

Nymark enda med å vinna cupen etter 1-0 over Bjarg i finalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.