– Å meistra det å bruka vinden til framdrift har sin eigen vedri, meiner Svein Skoglund. (Ill. foto: NSF)

Kan du kontrollera vinden?

Os Seilforening trappar opp programmet og vil utvida med eigen ungdomsgruppe.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Dei siste åra har Os Seilforening hatt ekstra oppslutnad om kurs for nye seglarar. Kurset har vore retta mot nytt mannskap, men også med ein ekstra tryggleiksfaktor, kva om du ufrivillig blir rormann?

Kva om det berre er éin om bord som kan segla, og han får helseproblem eller ramlar over bord?

– Vi hadde veldig bra med folk på kurs for to år sidan, og greit med deltakarar i fjor òg, seier Svein Skoglund frå Os Seilforening.

No har det også kome førespurnad om kurs for born og ungdom.

Action i vinden

Skoglund gler seg over at det framleis er mange ungar som får glede av å kjøra eigen båt frå dei er små, og over at vindsurfing og kiting ser ut til å vera populært hos fleire eldre ungdomar.

No vil seglforeininga undersøkja om det, blant ungdom, også å interesse for å læra seg det mest elementære om det å bruka vinden til framkomst.

– Då eg vaks opp i Strøno var det eit eventyr dette med å lura med seg seglet til sjøen for å snika seg utpå med oselvar. Den eine kameraten min hadde ei jolle med segl, og med den gjekk det sport i å øva på å kullsegla for så å fjerna seglet, tøma båten og gjera det same éin gong til.

Set opp kurs i mai

I mars og april kjem det til å vera høg aktivitet med båtbuss og sjøsetjing i Os Seilforening si hamn i Kvernavika. Første trimmingsseglas blir 28. april, første korsfjordtrim 6. mai.

Måndag 18. mai blir det eige kurs for ungdom.

– Vi har to ivrige ungdomar i hamna som har kjøpt seg ein liten seglar, pussa den opp og allereie fått veldig god kontroll på båten. Desse er også engasjerte innan speidaren i Os, og spurde oss om ikkje vi ville prøva å bygga opp eit ungdomsmiljø igjen.

– Det har vore fleire periodar med høg aktivitet på ungdomssida, men no er det ei stund sidan. Med ei gruppe frå speidaren i botn, men ope for alle, kan vi kanskje klara å få opp igjen ei god gruppe med unge seglarar.

Os Seilforening har tre-fire optimistjoller, ein 2kroner (større jolle), som dei i si tid fekk sponsa av Sparebanken Vest, og to stykk Sniper.

Fleire saker