Seks bilar fekk bruksforbod
Statens vegvesen fann mange feil i Hjellemarka i dag.
Statens vegvesen har hatt kontroll på E39 ved Hjellemarka i dag.
Kontrollen blei gjennomført i retning Os (sør), med hovudfokus på teknisk og vekt på både tungtransport og lettare køyretøy.
Eller rettare sagt; køyretøy som skulle vore lett.
To bilførarar meldt
Ifølgje rapporten fekk 6 av dagens 18 kontrollerte køyretøy bruksforbod.
2 varebilar måtte lasta av 300 kg og 400 kg for å koma ned i lovleg vekt, 2 køyretøy måtte sikra lasta betre og 3 køyretøy fekk skriftlege manglar på lys og diverse anna.
To bilførarar blei meldt for ikkje å ha køyretøy i klasse BE, noko kombinasjonen dei køyrde hadde krav om dette som minimum.
Ingen av desse to hadde norsk førarkort. Dei måtte parkera tilhengarane og få andre til å henta desse.
Éin bil blei rapportert til Arbeidstilsynet då denne hadde kran som ikkje hadde gyldig godkjenningsmerke eller anna synleg bevis på godkjenning.