Lokal | 10. sep. 2020

Seks forelegg på éin time

Politiet sto med laseren på Skeisflaten og Strønevegen i går kveld.

Seks forelegg på éin time
Både tysdag kveld og onsdag kveld var det fartsmåling i 50-sona på Skeisflaten. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. sep. 2020 07:00

Tysdag kveld blei det skrive ut tre forenkla forelegg i løpet av ein fartskontroll i 50-sona på Skeisflaten, onsdag kveld var politiet tilbake med laseren i same sone.

– Frå klokka 18 til 19 skreiv dei ut seks forenkla forelegg, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Høgaste fart blei målt til 68 km/t i 50-sona. Det fører til eit forelegg på 5.500 kroner og tre prikkar på førarkortet.

I tillegg blei det delt ut eit gebyr for bruk av handhalden mobiltelefon.

Seinare på kvelden, frå klokka 21 til 22, heldt dei fartskontroll på Strønevegen. Etter det Midtsiden kjenner til sto dei ved avkøyrsla til Dalsvegen.

Her blei det skrive ut to forenkla forelegg. Høgaste målte fart i 50-sona var 58 km/t, som fører til 2.100 kroner i forelegg, men ingen prikkar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.