Henning Heimdal med gummiballongane han vil selja 17. mai (foto: Andris Hamre)

Sel berre gummiballongar 17. mai

Lille Ballong kuttar sal av folieballongar. – I tillegg håper eg alle som kjøper ballong, hos meg eller andre, krev vekt på den, seier Henning Heimdal.

image
Av: Andris Hamre

Henning Heimdal på Lille Ballong reknar med konkurranse på ballongmarknaden på Os 17. mai.

– Noko anna vil overraske meg etter at fleire andre kommunar har innført forbod mot sal av ballongar denne dagen. Eg rekner med at mange av dei aktørane som ikkje driv med dette til dagen, kjem opp her.

– No kan ikkje eg styra kven osingane kjøper ballongane sine frå, men vi som driv seriøst i denne bransjen har utarbeidd ein bransjestandard kor vi mellom anna leverer ut alle ballongar med vekter slik at dei ikkje skal fly avgarde. Oppmodinga er at kundane også er bevisste på dette og krev vekt på ballongen når dei kjøper den, seier Heimdal.

Lokalt dekorert ballong

Sjølv har Heimdal beslutta at han ikkje vil selgje folieballongar ute på Øyro 17. mai.

– Ute kjem vi kun til å selje gummiballongar med vekt og bomullstråd. Desse er nedbrytbare og forsvinn difor frå naturen i løpet av litt tid.

– Gummiballongane er kanskje ikkje like spennande som folieballongane siden dei ikkje kjem i alle moglege rare fasongar, men vi har fått den lokale kunstnaren Hege-Elisa Hauge i Hegglandsdalen til å teikne eit 17.mai-troll som vi har dekorert dei med, fortel Heimdal som saman med bransjeforeninga også har kutta ut å levere til ballongslepp.

– Sjølv om vi berre har brukt nedbrytbare gummiballongar til dette, så er vi i bransjen samde om at vi ikkje lenger levere denne tenesta.

Hardt råka

Heimdal legg ikkje skjul på at det har vore ein tøff vår for bransjen, kor mellom anna Per Espen Stoknes frå MDG fremja forslag i Stortinget om eit nasjonalt forbod mot sal av heliumsballongar.

– Det er ikkje tvil om at den støyen som har vore i vinter og vår har råka bransjen hardt. Heldigvis blei forslaget i stortinget omformulert til at regjeringa skal utgreia eit forbod og komma tilbake til stortinget. Ei utgreiing er noko vi i bransjen ønskjer velkomen, sjølv om vi framleis meiner at heliumbruken ikkje er problemet. Dette er eit biprodukt frå den flytende heliumen som brukes i MR maskiner på norske sjukehus. 

– Reint teoretisk kunne ein kanskje frakta denne ut frå landet igjen for rensing og nedkjøling til flytande helium igjen, men ein slik prosess vil vera kostbar og medføra store transportkostnader, så særleg miljøvennleg vil det neppe vera, seier Heimdal.

Fleire saker