Næringsliv | 13. nov. 2009

Sel færre bustadar

... men i Os var årets 3. kvartal betre enn 3. kvartal 2008, og snittprisen er høgare enn i 2007.

Sel færre bustadar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. nov. 2009 12:39

På landsbasis blei det selt knappe 1 prosent fleire bustadar i 3. kvartal 2009 enn i 3. kvartal 2008. Kjøpesummen gjekk i snitt ned med 7 prosent i same periode, melder ssb.no i dag.

I Os blei det selt 229 bustadar på dei tre første kvartala i 2008, til nå i år er det selt 187.

Men 3. kvartal åleine er betre enn fjoråret, 82 i 2009 mot 63 i 2009. Går vi tilbake til 3. kvartal 2007 er talet 132.

Betre prisar enn i 2007
Snittet på kjøpesum går også ned, men ikkje mykje.

I fjor passerte den 2 millionar kroner for første gong, og landa på 2.046.000 kroner. Til no i år er snittet 1.995.000 kroner, som er høgare enn i 2007.

Tal på selte bustadar dei siste åra
2000 116
2001 172
2002 196
2003 250
2004 265
2005 272
2006 256
2007 358
2008 295
2009 187 (1. - 3. kvartal. Blir det selt like mange i 4. kvartal som i fjor landar vi på 253)

Samla kjøpesum per år (i millionar kroner)
2000 111
2001 196
2002 248
2003 314
2004 382
2005 440
2006 462
2007 692
2008 603
2009 440 (1. - 3. kvartal)

Snitt, kjøpesum per bustad (runda av til nærmaste 1000)
2000 960.000
2001 1.143.000
2002 1.269.000
2003 1.258.000
2004 1.444.000
2005 1.618.000
2006 1.805.000
2007 1.933.000
2008 2.046.000
2009 1.995.000 (til no i år, kan endra seg når 4. kvartal er tatt med)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.