Næringsliv | 22. juni 2010

Selte for 1,5 mill

Minimessa i Askvik blei nesten like god som båtmessa i Bergen.

Selte for 1,5 mill
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. juni 2010 08:52


Båten Beste reknar med å selja rundt 50 båtar i år, 30 av dei er allereie levert.

- Dette er vi veldig nøgd med. Frå å berre ha verkstad, som framleis er ein viktig del av drifta, til å overta som lokal Askeladden-forhandlar og butikk etter ei finanskrise, ser heldigvis ut til å gå bra, seier dagleg leiar Jonathan Dyrstad.

På båtmessa i februar selte dei seks båtar, i helga blei det skrive kontrakt på tre båtar.

Etternølarar slo til
Nokre gongar i året arrangerer Askeladden-forhandlaren Båten Beste aktivitets- og salgshelg kalla Båtens Helg. Sjølv om dei fleste allereie har fått båten klar for sesongen var det fleire som hadde venta heilt til midten av juni med å bestemma seg.

- Nokre av dei som var innom var vi også i dialog med på båtmessa i februar. Folk har is i magen, går mykje rundt og ser og vil vera sikker på at dei kjøper denne rette båten til sitt bruk.

Det nærmar seg fellesferie og i helga var det fleire som slo til.

- Men vi har også dei som bestemmer seg på flekken, som han som ringte og ville ha ein 475. Vi hadde berre 525 på lager, modellen som er hakket større og drygt 100.000 kroner dyrare. «Då tar eg den, eg må berre innom banken ein tur. Eg kjem ut til deg om to timar», sa han, og båten blei selt.

Prøvekjøring og venteliste
Under Båtens Helg hadde Båtens Beste fleire båtar i utstilling og til prøvekjøring. Båtkjøp er ein stor ting, mange vil helst studera heile båten nærmare før dei slår til.

- Vi selte først begge dei to 605-ane vi hadde i utstillinga, og kunne nok selt fleire, for det var ein del som var skuffa då dei måtte venta til etter ferien.

- Men så ombestemte den eine kjøparen seg, og slo til på ein større C6 i staden. Så no kan vi ringa ein av interessentane og fortelja at vi har ein leveringsklar båt av den typen dei var på jakt etter.

På skattejakt
Tidlegare har Båtens Helg blant anna inkludert sal av båtførarbevis. Denne helga var «loppemarknad» eit lite krydder under messa.

- Vi har ein del varer på lager som vi ville kvitta oss med, og selte ein del av dei til sterkt reduserte priser. Putesett til utgåtte båtmodellar gjekk unna, til og med til folk som ville bruka dei i hagemøblane. Men vi selte også innanbordsmotor, drev og badetrapper.

- Loppemarknaden blei eit lite paradis for eigarar av eldre Askeladden-modellar, fortel Dyrstad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.