Næringsliv | 25. sep. 2019

Selte fem hus første veka

Over 100 møtte fram då Labrador Gruppen AS hadde open dag i Gåsakilen.

Selte fem hus første veka
Fint vêr og god servering lokka over hundre til tomtevising på Søfteland. Fleire var der for å kjøpa husvære. (Foto: Labrador)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. sep. 2019 13:40

Bildeserie:

Hoppeslott og lett servering. (Foto: Labrador)
Hoppeslott og lett servering. (Foto: Labrador)
Dei yngre slo til på ansiktsmaling. (Foto: Labrador)
Dei yngre slo til på ansiktsmaling. (Foto: Labrador)
Men folk kom òg for å kjøpa hus. (Foto: Labrador)
Men folk kom òg for å kjøpa hus. (Foto: Labrador)
1 av 3
Hoppeslott og lett servering. (Foto: Labrador)
Dei yngre slo til på ansiktsmaling. (Foto: Labrador)
Men folk kom òg for å kjøpa hus. (Foto: Labrador)

I november i fjor fortalte vi om selskapet Labrador Gruppen sine planar om, ikkje berre å bygga 75 bustadar ved Gåsakilen, men å etablera eit bustadområde som òg har både gjesteleilighet og grendahus.

I juni kom oppstartløyvet. Måndag for ei veke sidan var det salsstart, søndag var det «open dag» på tomta.

– Over hundre møtte fram, det blei nesten som eit fantastisk hageselskap! fortel medeigar i prosjektet, Joakim Bakke.

7 sal og reservasjonar på 8 dagar

Dei hadde rigga til med hoppeslott og ansiktsmaling i det strålande haustvêret, men det var ikkje berre leik og servering gjestane kom for.

– To bustadar blei selt søndag, to har vert selt måndag og no har vi fått yttarlegare ett sal og to reservasjonar. Vi har òg ei lang liste av interessentar som jaktar på bustad her.

Ulike hus - ulike kategoriar kjøparar

Labrador har plan om å selja og bygga 75 rekkehus og leilegheiter på tomta. Det er førebels tenkt å dela dette inn i tre trinn.

I starten er det rekkehus til rundt 4 millionar og leilegheiter frå 2,5 til 4,7 millionar som ligg ute. Dei dyraste rekkehusa er allereie selt.

– Kjøparane er både småbarnsfamiliar, single og vaksne par. Mange er frå nærområdet, men vi har òg folk frå nabokommunar blant dei første kjøparane, fortel Bakke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.