Næringsliv | 07. mai 2010

Selte gasellene

Os-selskapa VNE og NDM har med sal av aksjemajoriteten fått Køhlergruppen i ryggen.

Selte gasellene
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 07. mai 2010 05:21

Aksjemajoriteten i VNE Holding, som eig 100 prosent av aksjane i Vestnorsk Engineering AS (VNE) og 97 prosent av aksjane i Norwegian Deck Machinery AS (NDM), blei i april selt til det nye selskapet Spir AS i Stavanger.

- Nokre eigarar har selt seg ut medan eg og Ivar Sørstrønen har selt oss ned, seier dagleg leiar i både NDM og VNE, Arnt Eivind Søvre.

Spir AS eig no 80 prosent av VNE Holding, Søvre 15 prosent og Sørstrønen 5 prosent. VNE var gasellebedrift i 2008, NDM var på gaselletoppen til Dagens Næringsliv i 2009.

Tok kontakt i fjor
Køhlergruppen, som eig 85 prosent av det nye selskapet Spir, har samla fleire offshoreselskap i Apply Group. I fjor sommar var dei i dialog med NDM og VNE på Os, men dei to selskapa passa ikkje i miksen til Apply.

- No er Spir AS oppretta, eit selskap som fokuserer på utvikling av teknologibedrifter innan design og produksjon. Her blei vi meir interessante, så i haust tok dei kontakt for å diskutera samarbeid og eventuelt sal.

Eit steg vidare
VNE og NDM, som samla hadde ein omsetnad på 60 millionar kroner i fjor, og 25 tilsette, er dei første selskapa Spir AS kjøper.

- Vi skal bidra til å bringa mindre selskap eit steg vidare. Det skal vi gjera gjennom aktivt eigarskap der vi er i styret og bidrar innan marknadsføring, sa Spir-sjef Jostein Kvame til Dagens Næringsliv 29. april.
Dei nye eigarane har stor tru på potensialet til selskapa og ser for seg at dei kan bidra med eit stort kontaktnett.

Blei gjøkunge
VNE og NDM har kontor over DnB NOR i Os sentrum. Dei blir verande i Os kommune, også om dei får behov for å utvida.

Eventyret starta med VNE, som i hovudsak har spesialisert seg på skreddersøm av utstyr til offshore og industri.
Dei har i tillegg levert ei rekke brannsimulatorar til Avinor sine flyplassar og havarisimulator til den norske marine.

Dotterselskapet NDM, som er ein rein vinsjleverandør, starta opp i 2003. Dei to har heile tida hatt tilsette som overlappar mellom selskapa.

- NDM fekk ein svak start, men har sidan 2006 nær tidobla omsetnaden. Det har nesten blitt slik at gjøkungen har vakse så raskt at den var i ferd med å sparke mora ut av reiret, seier Søvre.

Gode ingeniørar har vore vanskelege å få tak i, så NDM har måtta bruka ingeniørkapasiteten til VNE og innleigd personell for å klara å levera.

Endring og utviding
- Det å få ein sterk eigar i ryggen meinar vi skal gjera oss meir attraktive på arbeidsmarknaden i tida som kjem.

Dersom dette utviklar seg slik vi tenkjer oss, kan det bli mange spennande jobbar lokalt i Os. Med ny eigar og fleire tilsette, trur Søvre også det blir lettare å laga eit litt meir markert skilje mellom dei to selskapa og dermed gjera NDM meir sjølvstendig.

- Det siste året har det vore rolegare innan skipsbygging, men vi ser at ting er i ferd med å snu og for2012 ser det endå lysare ut, seier Søvre.

For VNE er det innan olje- og offshorebransjen varsla mange modifikasjonsprosjekt dei neste åra.

- Dette er eit viktig satsingsområde for dei nye eigarane og det skal bli spennande å sjå kva vi kan få til saman med dei, seier ein nøgd Arnt Eivind Søvre.

Les òg:
Gaselletopp frå Os



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.