Næringsliv | 27. mai 2010

Selte toppleilegheit

Men Os Sjøfront har framleis eit stykke igjen til målet om cirka 30 selte innan september.

Selte toppleilegheit
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 27. mai 2010 10:43

Sundag 21. mars var det tomtevising og salsstart for første byggetrinn på Mobergsneset. Målet var å selja 40 av dei 84 husværa i løpet av dei første fem månadane, slik at byggestart kan bli i august/september i år, med innflytting i midten av juni 2012.

Starten på salet var godt, med over 500 på første vising og 12 selte på første tildelingsmøte, som var onsdag 14. april.

Etter dette er det berre selt to husvære. Eit av desse er den tredje dyraste i dei fire blokkene, eit av tre husvære i toppen av I-blokka (nest nærmast Oseana), eit husvære til 7.190.000 kroner.

- Treng tid
Eigedomsmeklar og leiar for salet av Sjøfront-husværa, Tone Osland frå Stor-Bergen Boligbyggelag, seier ho ikkje er overraska over at det det tar litt tid å få selja så mange husvære.

- Vi blei gledeleg overraska over interessa før og under salsstart, men eg har drive så lenge med dette at eg visste at vi kom til å trenga litt tid.

- Å selja 14 husvære på to månadar, fleire av dei i ein høg prisklasse, synes eg at vi skal vera nøgd med, seier Osland.

Nyleg blei det også opna for sal i dei to blokkene nærmast Os.

- Vi har no endå fleire husvære med gode kvalitetar, men til prisar som er overkomelege for endå fleire.

Vil selja i sommar
Osland fortel at dei har fleire interessentar dei jobbar med, men at også kjøparane treng litt tid.

- Store delar av interessentane er vaksne par med einebustad dei vil selja for å flytta til nærmare sjøen, til noko som er enklare å halda ved like. Dei treng tid til verdivurdering av eigen bustad, nokre vil også selja før dei kjøper nytt.

At det berre er ein månad til skuleferien byrjar, og til marknaden for eigedomssal kanskje får litt lågare temperatur, tar ho med ro.

- Om sommaren får vi vist Os og tomta vår på sitt beste, og det er ei tid med fleire tilreisande. Vi kjem til å vera i sving og ha aktivitetar i heile sommar, også i ferievekene i juli og august.

Framleis byggestart i september?
Os Sjøfront vil bygga alle fire blokkene på same tid. Årsaka er at dei skal stå på ein stor betongkai, som kostar mykje å bygga, og som ikkje kan støypast i fleire trinn.

Selskapet har ein forsikringsavtale som garanterer for deler av kostnadane, noko som gjer at dei kan bygga alt ferdig utan å ha selt meir enn desse 40 prosentane av husværa.

Om den planlagte byggestart-datoen i august-september heng i ein tynn tråd om dei ikkje når 34 selte, veit ikkje Osland sikkert.

- Vi treng nok ikkje å selja 40 for å starta med å støypa kaiplata. Kva tal eller omsetnad styret set som minstekrav for å byrja veit eg ikkje, men eg trur og håper at vi startar i haust.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.