Sement stengde E-39
Eit trafikkuhell natt til onsdag stengde Halhjemsvegen frå klokka 0830. Tørrsement i vegbana er grunnen.
Politiet fekk i tre-tida natt til onsdag melding om bulder og brak og kraftig oppbremsing ved brua over Halhjemsvegen/E-39 på Moberg. Eit skilt var køyrd ned, diverse bildelar og registreringsnummeret låg att på plassen.
- Meldar fann att bilen ved kontrollsona/vekta litt nærare Lekven, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Føraren skal ettersigande vore uskadd.
Vegvesenet ryddar
Bilen skal ha frakta tørrsement som hadde blitt spredd utover køyrebanen.
- Vegtrafikksentralen blei varsla og skulle ta seg av oppryddinga.
- Omlag 0730 fekk vi melding om at dei skulle gå i gang med denne og at det ville ta eit par timar.
- I mellomtida blei trafikken dirigert om Osøyro. Dei etablerte trafikkdirigering ved brua på Moberg og i Ulvenkrysset, avsluttar Sperrevik.