Politiet er no på staden, men nabo seier situasjonen ser vanskeleg ut, og er ikkje overraska om traileren må delast for å koma seg laus. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)

Vogntog køyrde seg fast i Banktjørnhaugen

– Eg vil tru at traileren må demonterast for at den skal koma laus, seier nabo.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Onsdag i 11-tida fekk Midtsiden melding om problem i trafikken i nabolaget Banktjørnhaugen i Os.

– Eit stort vogntog har køyrd seg fast, fortel ein som bur i området.

Vedkomande, ein svenske, skal ha køyrd feil i rundkøyringa ved Amfisenteret.

Politiet har no kome til staden, men naboen seier det ser vanskeleg ut å dirigera bilen laus.

– Dette ser ut som om det må løysast med demontering og bergingsbil.

OPPDATERT:

Skulle til Åsane

Vogntoget skal ha vore 19 meter langt, ifølgje sjåføren.

– Han forklarte at han kom frå Os sentrum og skulle mot Åsane, då GPS-en sende han inn i Prestegardsskogen og vidare opp i Banktjørnhaugen.

Bergingsbil kom på plass rundt klokka 13.30. 

– Bakhjula på hengaren blei løfta ut, den måtte hektast av for at traileren skulle klara å snu.

I 14-tida hadde vogntoget kome seg ut av knipa.

 

Fleire saker