Kultur | 10. sep. 2009

Sender brev til Giske

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg ber kulturminister Trond Giske følgja Hordaland si prioriteringsliste. Fredag kan Oseana-støtta koma.

Sender brev til Giske
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. sep. 2009 09:39

I møte i kultur- og ressursutvalet i Hordaland fylkeskommune tysdag gjekk medlemmane av utvalet samrøystes inn for å oppmoda fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg om å be kulturminister Trond Giske følgja Hordaland sine prioriteringar.

Bakgrunnen er at Giske har gjeve til saman 9 millionar kroner i støtte til to prosjekt som står på 2. og 5. plass på prioriteringslista, utan å ha kome med signal om støtte blant anna prosjektet som ligg på toppen av lista: Oseana.

Dei to mottakarane er Hordamuseet (Bymuseet i Bergen), Båthall (Bergen kommune) og «Kunstnarhus i Fartein Valens landskap» (Sveio kommune).

Her er noko av det Nyborg skriv i brevet ho har sendt til departementet:

«Det er ikkje kome signal om at det vert løyving til Os kunst- og kultursenter (Os kommune), som Hordaland fylkeskommune samrøystes har prioritert på topp på møte i kultur- og ressursutvalet.
Eg vonar at Kultur- og kyrkjedepartementet vil følgja prioriteringane frå Hordaland.»

Gledeleg engasjement
- Eg blei gjort kjent med vedtaket i kultur- og ressursutvalet, og fekk nyleg oversendt kopi av brevet. Det er gledeleg at fylkesordføraren engasjerer seg, seier ordførar Terje Søviknes til Midtsiden.no.

Partikollega, Austevoll-ordførar Helge André Njåstad, er leiar for gruppa som oppmoda Nyborg til å senda brevet.

- Han har gjort ein god innsats for oss, men eg forsto det også slik at det var brei politisk semje om dette i gruppa, som samrøystes gjekk in for å få Nyborg til å minna departementet om fylket sine prioriteringar.

Ventar svar fredag
Søviknes har fått høyra at alle mottakarar av årets kulturmidlar skal bli informert før helga, og med det før valet måndag.

- No er det berre timar igjen. Dette blir veldig spennande.

Os-ordføraren har ringt til Sveio-ordføraren, for å høyra om midlane Giske signaliserte at dei skulle få. Og desse kom berre som ei munnleg melding medan statsråden var på besøk i kommunen.

- Det kan vera godt nytt, at sjølv om det har kome signal om at dei skal få støtte, så er det ingen som førebels har fått skriftleg stadfesting enno, seier Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.