Lokal | 12. nov. 2020

Sender skryt til Luranetunet

Ingen av dei 23 nærkontaktane er smitta.

Sender skryt til Luranetunet
Ordførar Trine Lindborg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. nov. 2020 10:13

Måndag blei 7 tilsette og 16 bebuarar ved ei avdeling på Luranetunet sett i karantene etter at ein tilsett hadde fått påvist covid-19.

I dag fortel kommunen at ingen av dei 23 er smitta.

I tråd med rettleiar frå FHI må alle likevel vera i karantene til og med søndag 15. november.

Dette er andre gong at ein tilsett ved Luranetunet har vore smitta, heller ikkje sist spreidde smitta seg internt på bu- og behandlingssenteret.

– Det er ei stor lette for oss alle. Eg vil rosa bebuarane og deira pårørande som taklar alt dette på ein svært god måte, seier ordførar Trine Lindborg.

– Eg vil òg rette ein stor takk til dei fantastisk flinke og ansvarsfulle tilsette på Luranetunet. Det er ein tøff situasjon å stå i, og det er ikkje berre enkelt å jobbe i fullt smittevernutstyr. Dette er folk som verkeleg kan sine smittevernrutinar, og som står på for å halde hjula i gang.

Det er til no tre smitta i Bjørnafjorden kommune denne veka. Mengda testar som er tatt ligg på omtrent det doble av kva som var vanleg i oktober.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.