Lokal | 19. apr. 2016

Sendte Osfest-vedtak til fylkesmannen

Formannskapet opprettheldt vedtaket om å løyve 500 000 kroner til Osfest. Samstundes blei vedtaket samrøystes sendt til Fylkesmannen for lovlegkontroll.

Sendte Osfest-vedtak til fylkesmannen
Dei fire opposisjons-politikarane frå Ap, MDG og V stemte mot å oppretthalde vedtaket frå februar (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 19. apr. 2016 08:35

I møtet førre veke skulle formannskapet ta stilling til kravet om lovlegkontroll av vedtaket dei fatta 18. februar om å løyve 500 000 kroner i kommunal støtte til Osfest 2016.

Kravet om lovlegkontroll var fremja av MDG med støtte frå fire andre kommunestyrerepresentantar.

– Her har rådmannen lagt fram eit strukturert og delt dokument. Eg er ikkje heilt einig i dei vurderingane rådmannen gjer. Når eg les regelverket er eg ueinig i det som har skjedd, men eg set pris på at ordføraren ønskjer lovlegkontrollen velkomen, innleia Nils-Anders Nøttseter (MDG) før han argumenterte kvifor han meinte vedtaket ikkje var i tråd med lova.

– Ein kan ikkje både forberede ein sak og vera med på å behandla den politisk. Eg opplever difor at ordføraren burde ha vore inhabil, konkluderte Nøttseter og viste til forvaltningslova §10 og kommunelova §40.

Uforsvarleg sakshandsaming

Nøttseter meinte òg at sakshandsaminga før saka kom opp i formannskapet var uforsvarleg.

– Eg meiner at alt som mangla i søknaden skulle ha vore avdekka i sakshandsaminga. Det at formannskapet realitetshandsama saka er ikkje eit godt nok argument. Saka var ikkje godt nok førebudd med ordføraren som sakshandsamar. Det er rådmannen sitt ansvar.

– Det blei stilt eit direkte spørsmål om honorarer i møtet som ikkje blei besvart. Sakshandsamar må ha svarplikt på direkte spørsmål frå politikarane.

– Dette handlar mest om forsvarleg utgreiing. Når det står administrasjonskostnader på 300 000 kroner, så kan ikkje det vera det same som honorarar. Når lønskostnader og administrasjon er spesifisert til 0, så må ein tru at ingen tek ut lønn. Dette skulle ha vore avdekka i saka.

– Min sluttkonklusjon er at vedtaket ikkje er lovleg slik eg forstår kommune- og forvaltningslova, oppsummerte Nøttseter.

Søknaden er det vesentlege

Rådmann Christian Fotland var ikkje einig med Nøttseter i at det hadde vore uforsvarleg sakshandsaming.

– Definisjonen av forsvarleg utgreiing og saksframstilling er forsåvidt eit skjønnspørsmål mange gonger. Saka skal vera tilstrekkeleg opplyst til å gjera eit vedtak. Her er det ein søknad som ligg til grunn, rett nok seinare med vedlegg, som ligg til grunn for rådmannen si vurdering.

– I andre saker er det søknaden som tillegges viktigst grunn. Derfor er søknaden vesentleg. Eg tykkjer ikkje det er rett at rådmannen skal ta på seg at det er uforsvarleg sakshandsaming.

Fornuftig å la fylkesmannen sjå på det

Ordførar Terje Søviknes (Frp) som hadde vore sakshandsamar for saka såg det som naturleg at saka gjekk til fylkesmannen.

– Frå mitt ståsted tenkjer eg at det er greit at den går til fylkesmannen uten at eg går inn i ein personleg debatt om dei elementa som Nøttseter dreg opp, kommenterte Søviknes kort.

Han var ikkje den einaste som ønskja fylkesmannen si vurdering velkomen.

– Eg tenkjer det er mest ryddig at det går til fylkesmannen. I utgangspunktet er ei tildeling som dette ei positiv greie. Uavhengig av kva lovlegkontrollen syner, så kan vi gå nokre runder på korleis slike saker handterast, kommenterte Jon Sivert Rykkel (V).

– Eg synes det er flott at vi får ein lovlegkontroll av saka. Det er godt å få rydda av banen alt som har vore av tvil. Vi kjem til å gå for saka slik den ligg frå administrasjonen, men eg vil påpeike at for kommande tilsvarande søknader, ønskjer vi ein anna praksis, konkluderte Marie Bruarøy (H).

Dei fem representantane frå Frp/H stemte for å oppretthalde vedtaket mot dei fire frå AP, V og H.

Eit samrøysta formannskap stemte for at saka gjekk til Fylkesmannen i Hordaland for endeleg handsaming.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.