- 22. mars 2021

Sendte småfulle ungdomar heim

Den yngste er 14 år.

Sendte småfulle ungdomar heim
Politiet har i helga vore ute på melding om hærverk, ungdomsfyll og rampestrekar som kanskje gjekk litt langt. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 22. mars 2021 08:49

Søndag morgon i 05-tida møtte politiet ein gjeng med ungdomar i Os sentrum.

– To av dei har fylt 18, dei andre er mindreårige, den yngste 14, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Fleire av ungdomane framsto som fulle, og foreldre blei kontakta. Ungdomane fekk pålegg om å koma seg heim.

Laurdag i 23-tida fekk dei melding om støy frå ein fest på Søfeland, men var då opptatt med ein rusa bilist på Halhjemsvegen.

Ruteknusing på Nore Neset

Søndag blei det oppdaga ei knust rute i ein barnehage på Nore Neset.

– Vi har ikkje mistanke om at nokon har vore inne i bygget, men vi har funne ein gjenstand som er brukt til å knusa vindauget med, og sikra spor.

– Om ikkje vedkomande melder seg, kan det likevel hende at vi finn ut kven det er.

Kasta stein i husveggen

I 21.30-tida fredag kveld fekk politiet melding om eit eldre ektepar som blei plaga av nokre ungdomar.

– Dei skal ha kasta steinar i husveggen og ropt ukvemsord.

Meldinga kom frå eit nabolag nær Os sentrum.

Ein patrulje møtte fem ungdomar i ungdomsskulealder. Dei erkjente ikkje å ha kasta stein eller å ha ropt noko stygt, men det kom etterkvart fram at dei hadde leika «ring-på-spring». Foreldre blei varsla og ungdomane blei sendt kvar til sitt.

Aukande mengde husbråk-tilfelle

I løpet av helga har politiet fått melding om eit tilfelle av husbråk, men det var roleg på staden då dei kom fram.

– Vi har ein del slike meldingar, om husbråk, vald i heimen og situasjonar innan psykatri , og det ser dessverre ut til å auka, seier Birkeland.

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • For heile familien (6 pers)
  • Utan bindingstid
  • Berre 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.