Kultur | 19. mars 2016

Sensasjon: Rett til topps på VG-lista

Marcus og Martinus brukte eit halvt år på å klatra til førsteplass, Aurora gjekk rett til topps første veke.

Sensasjon: Rett til topps på VG-lista
Aurora, her for fullsett heimebane i Oseana i februar, toppar VG-lista med debutalbumet. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 19. mars 2016 08:11

I går var det ei veke sidan Aurora Aksnes lanserte debutalbumet, og fredag kveld kunne VG fortelja at «All my demons greeting my as a friend» har gått direkte inn på førsteplass på lista.

Dette har ikkje skjedd med nokon norsk artist sidan 2014, og er vanlegvis ei bragd etablerte muskarar som Vamp og Odd Nordstoga klarer, skriv avisa.

Debutalbumet har fått strålande kritikkar, også av platemeldar-debutant Kjetil Osablod Grønvigh. Les: Lyden av Os?

Aurora har i tillegg kome seg inn på fleire lister i utlandet allereie første veke, som 24. plass i Tyskland og 28. plass i Storbritannia.

Ho speler på Paradiso i Amsterdam laurag kveld og på utselt konsert på Heimathafen i Berlin måndag. Så er det påskeferie fram til USA-turneen startar i Los Angeles 4. april.

Midtsiden følger: Aurora

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.