Lokal | 07. sep. 2019

Senterpartiet - eit særs godt alternativ!

Lesarinnlegg: Det er vemodig at Tverrpolitisk Samlingsliste ikkje stiller liste i Bjørnafjorden.

Senterpartiet - eit særs godt alternativ!
Terje Sperrevik. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 07. sep. 2019 06:43

Kjære vener av Tverrpolitiske Samlingsliste og andre. Kommunevaldagen nærmar seg. Det er noko vemodig at TvS ikkje stiller med ei valliste denne gongen. Styret og årsmøtet vart tidleg einige om ikkje å stilla valliste i Bjørnafjorden kommune.

Det mykje omtalte møtet i Plan- og bygningsutvalet i Os kommune i juni 2018, fekk fram ein ny gnist i meg. Eg vart oppgitt over FRP/H i samband med prosessen med arealplanen. Det medførte at eg valde å stilla meg til rådvelde for politikken igjen. Gjerne vera med å utvikla Bjørnafjorden kommune til ein god kommune å bu og leva i.

I tillegg har frustrasjonen min over Frp-politikken i Plan- og bygningsutvalet vore stor i mange år. Eg stilte meg derfor til rådvelde for Senterpartiet. Fram til 1.1.2020 skal eg gjennomføra mi representasjons plikt for TvS i Os kommunestyre og Plan og bygningsutvalet i Os.

Kvifor valde eg akkurat Senterpartiet?

SP i Os har over tid, vore ein av fleire gode og respektfulle samarbeidspartnarar i politikken i Os. Spesielt var synet på utviklinga av Os kor arealplanlegginga i sær, med også verdiane til SP vart avgjørande. Det er nok å nemna «Nærpolitireforma». Eg har sett kort godt Senterpartiet har tilrettelagt for innbyggarane i Fusa. For underteikna vart det derfor eit enkelt og sikkert val.

TvS og representantane frå Senterpartiet har hatt eit godt, respekt- og tillitsfullt samarbeid i denne kommunestyre perioden.

Vi treng eit skifte frå politikken i Os. Harald Lekven er ein strålande og samlande kandidat som ordførar i den nye Bjørnafjorden kommune, sjølv om det er politikken som er viktigast, - ikkje posisjonane.

Senterpartiet er i sentrum av den politiske arenaen, også i Os.

Eg kjenner meg igjen i den posisjonen. Mi oppleving er at SP ikkje bør levera frå seg forhandlingskort før valet er unnagjort. Ingen veit korleis valresultatet vert. Det gjorde heller ikkje TvS i si tid.

Ønskjer du verkeleg ei endring frå politikken i Os, stem for eit sterkt Senterpartiet.

For meg var valet enkelt. Eg har mest tillit til Senterpartiet sin politikk og verdiar, ikkje minst med tanke på å ta heile Bjørnafjorden i bruk. Håper fleire både i og utanfor TvS gjer det same.

Senterpartiet er eit særs godt alternativ.

Godt val.

Terje Sperrevik
4. kandidat for Senterpartiet

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.