Kultur | 01. nov. 2019

Sentrum stengt for gjennomkøyring

Fredag og laurdag må du parkera på utsida.

Sentrum stengt for gjennomkøyring
Os sentrum er stengt for gjennomkøyring denne helga, grunna festival. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. nov. 2019 08:21

Fredag morgon blei gatene inn mot sentrumskjerna i Os stengte med band.

Årsaka er oktoberfest, som blir arrangert i eit stort telt mellom Havnechefen og Catten fredag kveld, laurdag kveld og med talentkonkurranse på dagtid laurdag.

– Sperringane står oppe til teltet er rigga ned søndag, fortel leiar i Os Sentrumsforening, Jeanett Borgen Kallekleiv.

Landboden er stengt ved Os Tannteknikk, Øyro er stengt ved Nordisk Rom, Torggata er stengt ved bommane utanfor Gullsmed Eide og Brugata er stengt ved Duga.

I går var det berre 30 billettar igjen til laurdagskvelden på oktoberfesten.

– Dei siste billettane forsvann på eit blunk, og det er sikkert 30 somharringt og ikkje fått billett. Fredagen har no byrja og fylt seg opp, fortel Jostein Eck, som no er i gang med rigging av telt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.