Kultur | 28. juni 2011

– Ser positivt på det

Osøren Blues & Jazzfestival: Sjølv utan salsinntekter på mat og drikke ser sluttrekneskapen positiv ut.

– Ser positivt på det
Andris Hamretirsdag 28. juni 2011 19:43

Osøren Blues & Jazzfestival ser ut til å gå i pluss etter ei festivalhelg på ny stad og med nye rammer.

- Vi er ikkje heilt ferdige med å gjere opp rekneskapen, men eg har ei god kjensle og trur vi går i pluss, seier festivalleiar Gunnar Nagell Dahl.

Sjå Midtsiden si samleside for festivalen.

Ei av dei nye tinga som festivalen har måtta ta inn over seg i år er at dei ikkje har fått salsinntektene frå mat og drikke.

- Det er det salet som har gjort det meste av overskotet dei tidlegare åra, forklarer Nagell Dahl.

- Vi har nok tapt fleire hundre tusen på ikkje å kunne selja dette sjølv, trur han.

Totalbudsjettet for festivalen var opprinneleg 1,9 millionar kroner, men blei noko justert ned då det blei klart at dei gjekk glipp av salsinntektene.

Skjenkeløyve årsaka

Årsaka til at festivalen ikkje har kunne selja mat og drikke sjølv er at festivalen har gått i Oseana, og Oseana har Smakverket som fast drivar av serveringa på huset.

- Det å berre drive restaurant kan bli i snauaste laget økonomisk. Derfor har vi late Smakverket få skjenkeløyvet på nesten heile huset, forklarar Oseana-direktør Kim Kristoffersen.

- Når det er sagt så blei vi einige med festivalen at dei skulle få 10% av salet i kompensasjon, avsluttar Kristoffersen.

Vel 3000 innom

Med nær 1200 på Vamp-konsert torsdagen, 500-600 på fredagen og omkring 1000 på laurdagen, pluss 400-500 på jam og godt besøkte cruise var det mange som fekk med seg årets festival.

- Billettsalet var betre i år enn i fjor, noko vi er godt nøgd med, sier Nagell Dahl.

Planla basert på teikningar

Årets festival kan ein med rette seie har blitt til på teiknebrettet.

- Sidan huset var under bygging blei det til at vi måtte booka artister og planlegga uten å ha sett korleis lokala eigentleg blei.

- Alt i alt synes eg det har gått bra og at huset har fungert godt, seier Nagell Dahl.

Trangt i foajeen

Eit par ting har han riktignok merka seg.

- Det blei for trangt i foajeen med konserter der samstundes med at folk skulle gå ut og inn av Oseanasalen, ned trappa til restauranten og Vargasalen og ut på terrassen.

- Hvis vi skal halda festivalen i Oseana neste år kjem vi nok ikkje til å bruke foajeen som konsertområde, men som det vrimleområde det er tenkt som, konkluderer Nagell Dahl.

- Ja, blir festivalen i Oseana også neste år?

- Det er noko vi i styret må setja oss ned å diskutera og evaluera.

- Vi har fått mange innspel frå publikum både undervegs og i etterkant på mail og facebook som vi vil ta med oss i vurderinga, seier festivalleiaren.

Han trur at når ting får gått seg litt til vil Oseana fungera godt som festivalplass.

Terrassen fungerte

Ein ting som fungerte og som det har kome gode tilbakemeldingar på er arrangementet ute på terrassen.

- Det blei ein veldig flott sak som fungerte veldig bra. Både artistane og publikum koste seg, seier Nagell Dahl.

- Eg må få lov til å takka samarbeidspartnerane våre, dei frivillige og ikkje minst dei eg har med meg i styret. Dei sto på seint og tidleg til langt på natt. Utan dei hadde det ikkje gått, avsluttar Gunnar Nagell Dahl.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.