Sport | 11. sep. 2009

Seriestart laurdag

Damelaget startar serien med bortekamp mot Årstad 2, herrelaget opnar på heimebane mot Åsane 2.

Seriestart laurdag
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. sep. 2009 11:36

Laurdag 12. september startar handballserien, både for damene i 2. divisjon og herrane til Os, som rykte ned til 3. divisjon i vår.

- Vi har eit generasjonsskifte på herrelaget, men vi har framleis nokre av dei meir rutinerte spelarane med, seier Andris Hamre.

Nokre av dei eldre spelarane forsvann før førre sesong, andre gav seg iløpet av, eller etter sesongen.

Handballformannen har trenaransvaret for herrane saman med Leif Idar Røen. Han fortel at dei no har ein stall på 10 spelarar, og nokre potensielle frå 93-årgangen som truleg snart er klare for herrenivået.

Stallen består no av Einar Godø, Ove Lyssand, Kristian Bruarøy, Øystein Vindenes og Kenneth Hausberg, og dei yngre spelarane Jørgen Wold, Fredrik Andresen, Erik Vågane og Joachim Blostrupmoen. Desse er mellom 17 og 20 år, og fekk god erfaring frå seniornivå førre sesong.

- No er vi spente på nivået, kor stor forskjellen på 2. divisjon og 3. divisjon er. Vi bør nok sikta oss inn på topp 4 denne sesongen, meiner Andris.

Laurdag klokka 14 startar dei serien med kamp mot Åsane 2 i Oshallen.

Damelaget startar med bortekamp mot Årstad 2 på bortebane. Deira førebuingar for sesongen kan du lesa meir om i saka under.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.