Serverer Albrigtsen og Nordli
Steinar Albrigtsen kjem tilbake til Os. Denne gong saman med Monika Nordli for å spela i restauranten i Oseana.
Steinar Albrigtsen var ein av artistane under årets Osfest. Den gong saman med barndomskamerat og forlovar Jørn Hoel.
Fredag 15. august kjem han tilbake med ny konsert i bygda, men no saman med kona, Monika Nordli.
– Det heile er eigentleg eit slumpetreff. Vi var på hyttetur inne i Hardanger då vi kom i prat med ein nabo, Lars Kjetil Holdhus.
– Praten gjekk over i kva vi dreiv med og det viste seg at han var tjommi med Steinar og Monika og skulle arrangera konsert med dei laurdag 16. på Heran i Hardanger.
– Då Lars Kjetil hørde at vi dreiv restauranten på Oseana lurte han på om ikkje vi kunne få til noko på fredagen, og det gjer vi no, fortel Roald Mjelstad på Oseana kafe og restaurant.
Ein prøvesmak
Konserten med Albrigtsen og Nordli er den første restauranten heilt og fullt står for.
– No er det lite risiko knytta til konserten for vår del. Den tek Lars Kjetil, men det er ein fin måte for oss å testa ut om dette er noko osingane vil ha.
– Fram til konsertstart klokka 21 held vi open restaurant for dei som vi ha seg ein matbit, men det er ingen kjøpstvang, presiserar Mjelstad med eit smil.
– Vi stiller lokale og folk. Oseana har vore velvillige og stiller med lydutstyr, så tek vi det derfrå og satsar på at det kan bli ein triveleg kveld. Billettar til konserten vil bli seldt i døra.
– Funkar dette, så kan det vera at vi gjer tilsvarande seinare i haust, med andre artister eller sjangerar og når det likevel ikkje er arrangementer ellers på huset.
– Vi har jo allereie, saman med Oseana, etablert Jazzkafeen, avsluttar Mjelstad.