Kultur | 31. okt. 2014

Serverte dei første Osfest-artistane

På fest for frivillige under årets festival blei det i kveld slepp på dei to første namna til Osfest 2015.

Serverte dei første Osfest-artistane
Ole Reinert Berg-Olsen og Tor Egil Hylland presenterar i dag dei første artistane til Osfest 2015. Så var det Osfest-kake. (Foto: Kjetil Vasby Burarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 31. okt. 2014 21:25

Bildeserie:

Elvira Nikolaisen. (Pressefoto)
Elvira Nikolaisen. (Pressefoto)
Monica Heldal. (Foto: Bjørn Opsahl)
Monica Heldal. (Foto: Bjørn Opsahl)
Silvio Reisch, som serverte sine kjente burgarar under festivalen, lagde Os-suppe i kveld. (Foto: KVB)
Silvio Reisch, som serverte sine kjente burgarar under festivalen, lagde Os-suppe i kveld. (Foto: KVB)
God stemning i og utanfor Kløvertun. (Foto: KVB)
God stemning i og utanfor Kløvertun. (Foto: KVB)
Etter middag var det film frå festivalen. (Foto: KVB)
Etter middag var det film frå festivalen. (Foto: KVB)
Også arrangørane følgte nøye med. (Foto: KVB)
Også arrangørane følgte nøye med. (Foto: KVB)
Torodd Rimstad vann gratispass då han kjente igjen Elvira. (Foto: KVB)
Torodd Rimstad vann gratispass då han kjente igjen Elvira. (Foto: KVB)
Flinke ungdomar stilte frivillig på frivilligfesten. (Foto: KVB)
Flinke ungdomar stilte frivillig på frivilligfesten. (Foto: KVB)
1 av 8

Over 100 av dei 310 som jobba frivillig under Osfest 1. og 2. august er i kveld samla i Kløvertun til middag og konsert.

Osfest-arrangørane fortel at dei har fem artistar klare til neste års festival, og i kveld kom dei med namnet på dei to første:

Elvira Nikolaisen og Monica Heldal er begge klare for Osfest 2015!

– Elvira har i fleire år vore ein framifrå popmusikar, Monica er fersk og har hatt ein kanonstart med to Spellemannsprisar i 2013, seier Ole Reiner Berg-Olsen frå Osfest.

– Osfest skal by på eit bra nivå, og her viser vil litt av kva kvalitetar vi er på jakt etter. Men vi har booka fleire og har fleire på lista, dette er berre starten, lover han.

– Vi ønskjer å lytta til publikum og vi har fått inn mange ønskjer. Vi har også hatt stor pågang frå managementet til ulike artistar, legg Osfest-partnar Tor Egil Hylland til.

35 veker på VG-lista

Nikolaisen debuterte i 2006 med albumet Quiet Exit, kor hitsinglene «Egypt Song» og «Love I Can't Defend» er henta fråAlbumet låg 35 veker på VG-lista med nr 2 som beste plassering.

I oktober 2006 song ho duett med Bjørn Eidsvåg på låta «Floden». Ho har til saman gitt ut tre album, ferskaste er Lighthouse (2011).

«Opplev Heldal før ho blir for stor»

Monica Heldal frå Arna debuterte med albumet Boy From the North i november i fjor og fekk fantastisk respons; to prisar under Spellemannprisen 2013, årets nykomar med Gramo-stipend på 250.000 kroner og klassen popsolist.

Ho vann også Bendiksenprisen for 2013 og blei nominert til Statoil-stipendet samme år.

«Denne artisten må du oppleve før hun blir for stor», skreiv Dagbladet etter at Monica opna årets Øya-festival.

På frivillig-festen fortalde arrangørane at dei har doble artistbudsjettet for den kommande festivalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.