William, Kristin, Christian, Gro Helen og Stine varma i dag opp til julemarknadsdagane om to veker. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Serverte juleprogrammet for Os sentrum

Helg etter helg: Julegrantenning, peparkakebygd, julemarknadsdagane og hjartevarme.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I morgon er det ein månad til jul, om ei veke er det fakkeltog, tenning av julegran og opning av peparkakebygd i Os Blomsterservice sitt tidlegare lokale.

– Vi er spente på kor mange peparkakehus vi får inn. Innlevering er tysdag, og vi håper mange privatpersonar vil koma med bidrag, i tillegg til det vi får inn frå barnehagar, seier Stine Kobbeltvedt frå kultureininga i Os kommune.

Men det intime bålpannemøtet på Kyrkjeflaten i dag handla i hovudsak om det som skjer helga etter; julemarknadsdagane laurdag og søndag 8. og 9. desember.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Os Sentrumsforening, Os kommune, Os kyrkjelyd og Os kulturskule.

Ei stemningsskapande vandring

Julemarknadsdagane i Os inkluderer utvida opningstider i butikkane, eit eige salstelt for lokalprodusert mat og eit telt for utstillarar.

Men hovudbodskapen er julestemning.

– Kombinert med handel ønskjer vi at folk skal få seinka pulsen litt, gjera ting i lag og ta seg tid til å koma i god julestemning, seier William Lindborg frå Os Sentrumsforening.

Os kyrkjelyd har julegåveverkstad i Tunet, kulturskulen stiller med 40 til 60 ungar for å hala konsert på Torget og kultureininga riggar opp Borgstova til nissehus med konsert.

• Sjå video: Uslåeleg stemning i Os' eldste hus

I fjor var rundt 600 unge og vaksne innom Borgstova, i små puljer, for å få kvar si stund med musikk og prat med nissefar og nissemor.

– Besøket er heldigvis jamt fordelt gjennom dei to dagane, og vi prøver å gjera den korte ventetida koseleg. Med sauar, nissehjelparar og ei varmestove med lett servering, ser det ut som om folk har det bra også før dei skal inn til nissefar og nissemor, seier Kristin Vangsnes Bøe frå kultureininga.

Lager julegåvene sjølv

Ein annan populær aktivitet er Os kyrkjelyd sin julegåveverkstad. Her er det lagt opp til at vaksne og born skal koma saman, finna seg ein arbeidsstasjon, laga pynt, tennbrikett eller ei koseleg lykt, og gå frå verkstaden med ferdig innpakka, heimelaga julegåve.

– Vi har materiellet klart og vi serverer gløgg og peparkaker. Alt er lagt til rette for at folk skal få ei roleg, men produktiv tid saman, seier Gro Helen Blindheim Skjælaaen.

Konsert og utstilling

Elevar frå Os kulturskule heldt konsert i Tunet i fjor. Då var det så fullt at folk måtte stå i døropninga for å få med seg musikken. I år skal dei på scene på Torget, i tillegg skal dei opna utstilling.

– Nytt førre skuleår var visuelle fag. I år skal elevane våre stilla ut mykje fint i vindauga i Joker-lokalet ved sidan av Gullsmed Eide, fortel Christian Breistein.

Sjølv om kulturskulen har to store framsyningar onsdag 12. desember, siste kapittel i eventyret om nissen Borg, har han elevar å senda til marknaden i Os sentrum.

Utvida område

Noko anna som er nytt i år er at hobbygruppa i Frivilligsentralen skal ha utsal og lett servering i det gamle kommunehuset på Kyrkjeflaten. Dette blir dessutan nok ei varmestove, ein stad å setja seg ned med kaffi, gløgg, saft og eta nokre nysteikte lappar.

– Nytt i år er også kunstutstilling i Vognhallen. Her kjem sju lokale kunstnarar frå KIOS og stiller ut, fortel Stine, spent på marknaden, men førebels mest spent på kor mange peparkakehus ho får levert på tysdag.

Helga etter julemarknadsdagane er det årvisse arrangementet «Hjartevarme og gjevarglede» i Os sentrum.

Fleire saker