Serverte Vegard svele
Bildeserie: Under Tour des France twitra Vegard Breen at han sakna vafler. På Os fekk han servert svele som erstatning.
Bildeserie:
Vegard Breen på profflaget Fortuneo-Vital Concept er ein ivrig twitrar som under Tour des France starta sitt eige "nyheitsbrev" på mikrobloggtenesten. Der kommenterte han at han sakna vafler under det harde tre-ukersrittet og om det ikkje var nokon av nordmenna blant publikum som kunne skaffe han det.
Det fekk han ikkje, men bodskapen var fanga opp av sykkelinterressert publikum på Osøyro. Rett nok var det inga vafler å oppdriva, men ei svele gjorde nytta.
– Takk skal du ha, smilte Breen då han fekk gåva. Rett nok tok han ikkje sjansen på å eta den sjølv, men ein i støttelaget fekk litt å kosa seg med i følgjebilen.
Tett på
Breen var berre ein av proff-syklistane osingane fekk nærkontakt med onsdag. I sykkelsirkuset er det heilt vanleg at publikum og syklistar treffast før start. Både Sondre Holst Enger frå IAM og Aleksander Kristoff frå Katusha tok seg god tid til både ein prat og sjølvier med det sykkelinteresserte publikummet.
Spent president
Sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen innrømma frå scenen at han var spent på første etappa i Tour des Fjords.
– Dei har ein god organisasjon, så det kjem til å bli eit flott løp, men det er klart eg er spent på å sjå korleis VM-løypa, som dei skal avslutta dagens etappe i, fungerar, fortalde Tiedemann Hansen.
Vel blåst
Nøyaktig 14.20 ønska ordførar Terje Søviknes syklistane god tur. Etterpå konkluderte Søviknes med at arrangementet hadde gått knirkefritt.
– Det blei bra dette. Vi var jo kjempeheldige som slapp unna regnvêret. Stemninga blei utruleg bra, heilt frå vi starta klokka 11 i formiddag.
Sjå òg stor bildeserie frå folkefesten og glimt frå dagen på Midtsiden si facebookside
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.