Sport | 06. jan. 2018

Sesongens første siger

Laurdag fekk handballherrene til Os litt å jubla for.

Sesongens første siger
B-laget til Os tok sesongens to første poeng laurdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 06. jan. 2018 13:36

Det har vore ein tung start får handballherrene til Os. Tilsaman hadde A- og B-laget berre tatt eitt poeng før B-gutane tok imot Lyngbø på heimebane i Oshallen. Laurdag kom dei to neste poenga, då Nils Andris Hamre sikra sigeren med heile 14 mål mot gjestane.

Os 2 - Lyngbø 33-29

Sist dei to laga møttest blei det ein heller stygg affære med fleire mindre pene hendingar. I laurdagens kamp hadde dommar Thor Finn Elverhøy full kontroll og dei to laga varta opp med god stemning og respekt for kvarandre. Sjølv tribunen blei involvert og kommuniserte med spelarane undervegs i kampen.

Egil tilbake

Os 2 er i hovudsak rekruttlaget til Osherrane, men i laurdagens kamp hadde trenar Aleksander Heggø henta ned A-spelarane Nils Andris Hamre og Mats Brunvatne. I tillegg var Egil Thuen igjen å sjå i den gule trøya.

– Det er min første kamp i år ja, smilte Thuen etter at sigeren var i boks.

Om kampen ikkje var ein høgdare reint spelemessig, så sørga dei to laga for å skape spenning i Oshallen. Dei følgde kvarandre tett gjennom heile kampen. Først då Os la mannsoppdekking på Lyngbø sin toppskårar, som skåra 17 mål, og skrudde tempoet opp eit lite hakk sju minutt før full tid, klarte vertane å rykke frå og sikre sesongens første siger.

– Det var deilig. I dag er eg glad, strålte ein nøgd Heggø etter kampen.

Allereie søndag har b-gutta ein ny sjanse til fleire poeng når dei imot Sotra 3 heime i Oshallen klokka 15.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.